Saviomuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saviomuseet

Kart
Saviomuseet
69°43′01″N 30°02′37″E / 69.716861111111°N 30.043722222222°E / 69.716861111111; 30.043722222222
Tresnittet Kafferast av John Savio

Saviomuseet (nordsamisk Saviomusea) er eit kunstnarmuseum i Kirkenes i Noreg som er basert på livet og kunsten til John Savio (1902-1938). Savio var den fyrste samiske kunstnaren som hadde eit breitt offentleg gjennomslag.

Saviomuseet blei grunnlagt i 1994 med utgangspunkt i Sør-Varanger kommune si samlinga av kunsten av Savio.[1] Denne samlinga omfatta 300 verk av John Savio: Tresnitt, måleri, akvarellar og blyantteikningar. I 2016 blei det innkjøpt ei større samling kunst frå ein privat samlar, i alt 490 einingar.[2][3][4]

Saviomuseet er del av den samiske museumsstiftinga Tana og Varanger Museumssiida. Sidan 2002 har Saviomuseet hatt tilhald i Grenselandmuseet i Kirkenes, som er hovudbygning for Sør-Varanger museum, ei avdeling av Varanger museum.

Den fyrste Savio-prisen blei delt ut i 2015, og prisvinnaren Geir Tore Holm hadde utstilling på museet i 2016.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Saviomuseet