Savitribai Phule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Savitribai Phule
Savitribai Phule statue, Maharashtra sadan, New Delhi.jpg
Fødd 3. januar 1831
Naigaon
Død

10. mars 1897
Pune

Yrke lyrikar, skribent
Savitribai Phule på Commons

Savitribai Jyotirao Phule (3. januar 183110. mars 1897) var ein indisk samfunnsreformator og diktar. Saman med ektemannen Jyotirao Phule spelte ho ei viktig rolle i å betra kåra til kvinner i Britisk India.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Savitribai Phule var fødd i 1831 i Naigaon i Maharashtra. Familien hennar var velståande bønder.[2] Faren var patil, eller landsbyoverhovud.

I 1840, då Savitribai var ni, blei ho gift med den tolv år gamle Jyotirao Phule. Barneekteskap var vanlege i India på denne tida.[3] Paret fekk ingen barn saman, men adopterte seinare Yashavantrao, sonen til ei brahminarenkje.[4]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Byster av Savitribai Phule og Jyotirao Phule

I 1848 skipa Savitribai og Jyotirao Phule ein jenteskule i Pune, etter at han først hadde lært henne å lesa. Savitribai var den første læraren ved skulen.[5] Utdanninga av kvinner og lågkastefolk møtte mykje motstand i lokalsamfunnet, og paret blei drive ut frå familieheimen. Dei fekk ly og støtte av Usman Sheikh og systera hans Fatima Sheikh.[6]

Paret skipa også ein heim for einslege gravide kvinner, anten enkjer eller offer for seksuell utnytting. Balhatya Pratibandhak Griha tok vare på barna deira for å hindra at dei blei drepne etter fødselen.[3] Fleire av desse barna døydde som unge, men ein av dei, Yashavantrao, blei adoptert av paret og fortsette arbeidet deira.[4]

Død[endre | endre wikiteksten]

I 1897 kom den tredje pestpandemien til området. Savitribai og Yashavantrao opna ein klinikk for å pleia byllepestoffer i Sasane Mala i Hadapsar, nær Pune, men utanfor byen. Savitribai tok sjølv med pasientar til klinikken. Ho blei smitta, og døydde av sjukdommen 10. mars 1897.[2]

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Savitribai Phule skreiv fleire dikt mot diskriminering og for utdanning.[7][8] Dei er blitt gjevne ut posthumt i to diktsamlingar - Kavya Phule (1934) og Bavan Kashi Subodh Ratnakar (1982).

Byste av Savitribai Phule i Pune.

Minne[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mariam Dhawale. «AIDWA Observes Savitribai Phule Birth Anniversary». Henta 3 March 2014. 
  2. 2,0 2,1 Wayne, Tiffany K., red. (2011). Feminist Writings from Ancient Times to the Modern World: A Global Sourcebook and History. ABC-CLIO. s. 243. ISBN 978-0-31334-581-4. 
  3. 3,0 3,1 «Who is Savitribai Phule? What did she do for womens rights in India?». Henta 7. mai 2017. 
  4. 4,0 4,1 O'Hanlon, Rosalind (2002). Caste, Conflict and Ideology: Mahatma Jotirao Phule and Low Caste Protest in Nineteenth-Century Western India (Revised utg.). Cambridge University Press. s. 135. ISBN 978-0-52152-308-0. 
  5. O'Hanlon, Rosalind (2002). Caste, Conflict and Ideology: Mahatma Jotirao Phule and Low Caste Protest in Nineteenth-Century Western India (Revised utg.). Cambridge University Press. s. 118. ISBN 978-0-52152-308-0. 
  6. Mohan, Siddhant. «Remembering Fatima Sheikh, the first Muslim teacher who laid the foundation of Dalit-Muslim unity». Two Circles. Henta 19 May 2017. 
  7. Few Poems by Savitribai Phule http://drambedkarbooks.com/2015/01/03/few-poems-by-savitribai-phule/
  8. A Forgotten Liberator – The Life And Struggle of Savitribai Phule, Mountain Peak Publishers, New Delhi ISBN 978-81-906277-0-2
  9. Kothari, Vishwas (8 July 2014). «Pune university to be renamed after Savitribai Phule». Times of India. Henta 10 July 2014. 
  10. «Google doodle pays tribute to social reformer Savitribai Phule». The Hindu. 3 January 2017. Henta 3 January 2017. 
  11. «Savitribai Phule, Google Doodle Tribute To Social Reformer». NDTV.com. 3 January 2017. Henta 3 January 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Savitribai Phule