Savona
| Savona | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Liguria | ||
| Provins | Savona | ||
| Areal | 65,32 km² | ||
| Folketal | 58 194 (1. januar 2023) | ||
| Borgarmeister | Federico Berruti | ||
| Postnummer | 17100 | ||
| Retningsnummer | 019 | ||
![]() Savona 44°18′29″N 8°28′52″E / 44.308055555556°N 8.4811111111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Savona | |||
Savona (ligurisk Sàn-na) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Savona i regionen Liguria og har om lag 60 000 innbyggjarar.
Savona vart tidlegare ein av dei største sentera i Italia for jernindustri med jernverk og støyperi, skipsverft, jernbaneverkstader, maskinverkstader og messingstøyperi.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Savona er den romerske staden Savo til ingaunarane, der Mago i følgje Livius gøymde byttet sitt under den andre punarkrigen.
Ein viktigare stad i romartida var hamna ved Vada Sabatia (Vado), der vegen gjekk vidare til Appenninane og Placentia. I 1191 kjøpte kommunen Savona område som føydalherrane kravde. Gjennom heile historia har han vore i ein lang kamp mot Genova. Så tidleg som på 1100-talet bygde Savona seg ei hamn, men på 1500-talet gjorde genovesarane ho ubrukeleg fordi dei frykta at Frans I av Frankrike skulle nytta ho til handel i Middelhavet. Dei sokk skip fylt med store steinar ved munningen av hamna. I 1746 vart Savona erobra av kongen av Sardinia, men vart gjeve tilbake til Genova etter Aix-la-Chapelle-avtalen i 1748.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Savona» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2007.
