Saxo Grammaticus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saxo Grammaticus

Statsborgarskap Danmark
Fødd 1150
Sjælland
Død

1220, 1206 (56 år)

Yrke historikar, skribent
Religion kristendom
Saxo Grammaticus på Commons

Saxo Grammaticus (11601208) var ein dansk skrivar og historikar som var verksam i mellomalderen. Han er kjend for å vere forfattaren av sogeverket Gesta Danorum («Storverka gjort av danane»), som er skrive på latin.

Det er lite som er kjend i dag om Saxo Grammaticus og livet hans, og årstala for då han vart fødd og då han døydde er uvisse. I verket Gesta Danorum seier han at både faren og farfaren hans hadde tent som soldatar under den danske kongen Valdermar (1.) den Store (1131-1182), og at han sjølv kunne ynskje å tene kong Valdemar (2.) Sejr (1170-1241), men då helst på eit meir åndeleg vis. Dessutan er det kjend frå testamentet til den danske biskop og erkebiskop Absalon (om lag 1128-1201) at skrivaren Saxo fekk ettergjeve eit lån. Han må difor ha vore i arbeid for Absalon. Men det er ikkje kjend kva han gjorde for Absalon, sjølv om det er mest truleg at han har vore skrivar. I sogeverket nyttar han eit elegant klassisk latin som kan tyde på at han har vorte utdanna i utlandet, kan hende i ein fransk klosterskule.

Grammaticus er ikkje etternamnet til Saxo, men eit tilnamn han fekk i verket Chronica Jutensis frå om lag år 1342, der det finst eit samandrag av Gesta Danorum som er gjeve namnet Compendium Saxonis.

Saxos Gesta Danorum[endre | endre wikiteksten]

Saxos Gesta Danorum, som på notidsdansk vert kalla Danernes bedrifter, Saxos Danmarkshistorie, Saxos Danmarks Krønike, Danmarks Riges Krønike eller Saxos Krønike, skildrar tidsrommet frå den danske kong Dan (ein truleg mytologisk, ikkje historisk, person som tradisjonelt vert sett på som den fyrste kongen i Danmark, og som landet skal ha fått namnet etter) og fram til kong Knud 6. Valdemarsøn (1163-1202). Verket vert avslutta med ei skildring av at venderane vart underlagt danskane i 1185.

Verket er på seksten bøker, der dei ni fyrste gjer greie for om lag 60 oldtidskongar. Desse bøkene er truleg basert på mellom anna ei latinsk utgåve av Skjoldungsoga og av ei utgåve av den angelsaksiske krøniken. I slutten av åttande bok har han truleg stødd seg til skriftlege kjelder som Adam frå Bremen, Roskildekrøniken (eit lite latinsk verk som reknast for å vere den eldste freistnaden på dansk sogeskriving) og danmarkssoga som den dansk historikaren frå 1100-talet, Svend Aggesen, hadde skrive. Tiande til trettande boka skildrar tida frå kong Harald Blåtand fram til midten av 1100-talet. Den lange fjortande boka og den stutte femtande boka tek for seg tida for borgarkrigane i Danmark og regjeringstida til kong Valdermar den Store.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]