Sidon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sayda)
Saida
صيدا, Ṣaydā
by
Land  Libanon
Guvernement Sør guvernement
Distrikt Sidon distrikt
Koordinatar 33°33′38″N 35°23′53″E / 33.56056°N 35.39806°E / 33.56056; 35.39806
Areal km²
 - storbyområde 25 km²
Folketal 80 000
 - storby 266 000
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Sidon
33°33′38″N 35°22′33″E / 33.560555555556°N 35.375833333333°E / 33.560555555556; 35.375833333333
Wikimedia Commons: Sidon

Sidon eller Saïda (arabisk صيدا, Ṣaydā; fønikisk צדן, Ṣydwn; hebraisk צִידוֹן, Ṣīḏōn; gresk Σιδών; latinsk Sidon; tyrkisk Sayda) er den tredje største byen i Libanon. Han ligg i Sør guvernement ved kysten av Middelhavet, kring 40 km nord for Tyr og 40 km sør for hovudstaden Beirut. I 1. Mosebok er Sidon ein son av Kanaan, eit barnebarn av Noah. Namnet er det same som på moderne arabisk tyder «fiskeri».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Persisk okseprotome i Sidon syner at aekeminidane styrte her. Marmor, 400-talet fvt.

Sidon har vore busett sidan tidleg i førhistoria. Den arkeolgoiske staden Sidon II syner steinreiskapar frå acheuléen, medan funn ved Sidon III mellom anna syner tunge reiskapar frå yngre steinalder, før ein byrja å lage keramikk.[1] Det var ein av dei viktigaste fønikiske byane, og kan ha vore den eldste. Frå her, og andre hamner, vart eit stort kommersielt handelsrike i Middelhavet grunnlagt. Homer hylla handverkarane her frå som lagde glas og lilla fargestoff, og kvinnene som lagde flotte broderi. Det var òg frå her at dei grunnla byen Tyr. Tyr vart òg ein viktig by, og i mange år var det konkurranse mellom dei to, som begge hevda å vere metropolis ('moderbyen') i Fønikia. Glasproduksjon, som har vore den viktigaste næringa i Sidon sidan fønikisk tid, vart utført i stor skala, og produksjonen av lilla fargestoff var nesten like viktig. Det vesle skalet til Murex trunculus vart brote for å få tak i pigmentet som var så sjeldan at det vart eit kjennemerke for kongelege.

I 1855 vart sarkofagen til kong Eshmun’azar II oppdaga. Frå ei fønikisk inskripsjon på lokket, verkar han å ha vore «konge over sidoniarane», truleg på 400-talet fvt, og mora hans var ei prestinne av ‘Ashtart, «gudinna av Sidon».[2] I denne inskripsjonen er gudane Eshmun og Ba‘al Sidon «Herren av Sidon» (som kanskje kan vere den same) nemnde som dei øvste gudane i Sidon. ‘Ashtart vert kalla ‘Ashtart-Shem-Ba‘al '‘Ashtart, namnet på herren», ein tittel som òg er funnen i ein ugarittisk tekst.

Sidon sjøborg, bygd av krossfararane i 1228.

I åra før kristendom vart det mange som erobra Sidon: assyrarane, babylonarane, egyptarane, grekarane og til slutt romarane. Herodes den store vitja Sidon. Både Jesus og Paulus skal ha vitja Sidon. Byen vart sidan erobra av arabarane og så av osmanarane.

Som andre fønikiske bystatar, leid Sidon av stadige erobrarar. Mot slutten av persartida i 351 fvt., vart han invadert av keisar Artaxerxes III og så av Aleksander den store i 333 fvt., då den hellenistiske tida i Sidon byrja. Under etterfølgjaren etter Aleksander, hadde byen relativt sjølvstyre og organiserte leikar og konkurransar der dei største idrettsfolka i regionen deltok. I Sidon nekropolis er det gjort viktige funn som Aleksandersarkofagen, den lykiske grava og sarkofagen til den gråtande kvinna. Desse er i dag på utstilling i Arkeologimuseet i Istanbul.[3]

Då Sidon fall til romarane, fekk han halde fram å prege sine eigne myntar. Romarane bygde òg eit teater og andre store monument i byen. Under regjeringstida til Elagabalus, vart det oppretta ein romersk koloni der, og han fekk namnet Colonia Aurelia Pia Sidon. I bysantinsk tid øydela det store jordskjelvet i 551 det meste av byane i Fønikia. Jusakademiet i Beirut vart etter det flytta til Sidon. Byen opplevde ei roleg tid det neste hundreåret, før han vart erobra av arabarane i 636.

Sidon med utsyn over Middelhavet.

Den 4. desember 1110 vart Sidon erobra, eit tiår etter det første krosstoget, av kong Baldwin I av Jerusalem og kong Sigurd I av Noreg. Han vart så sentrum i Herredømet Sidon, eit viktig herredøme under Kongedømet Jerusalem. Saladin erobra byen frå krossfararane i 1187, men tyske krossfarar tok attende byen under krosstoget i 1197. Han vart verande eit viktig senter for krossfararane fram til han omsider vart øydelagd av sarasenarane i 1249. I 1260 vart han igjen øydelagd av mongolane. Ruinane av dei originale murane er framleis synlege.

Etter Sidon kom under osmansk-tyrkisk styre tidleg på 1500-talet vart han hovudstad i Sidon eyalet (provins) og vart verande ein viktig handelsstad. Etter første verdskrigen vart han ein del av det franske mandatet i Libanon. Under andre verdskrigen vart byen, i lag med resten av Libanon, erobra av britiske styrkar i kampen mot Vichy-Frankrike, og etter krigen vart han ein del av det sjølvstendige Libanon.

Etter den palestinske utvandringa i 1948, kom mange palestinske flyktningar til Sidon og slo seg ned i flyktningleirane Ein el-Hilweh og Mieh Mieh. Først bestod desse av enorme rekkjer av telt, men gradvis vart det bygd hus. Flyktningleirane var i røynda bydelar i Sidon, men hadde anna rettsleg og politisk status, som gjorde til ein slags enklave. Samstundes flykta dei gjenverande jødane i byen, og den jødiske gravplassen forfall og er i dag trua av kysterosjon.

Sidon i dag[endre | endre wikiteksten]

Sidon var ein liten fiskeby med 10 000 innbyggjarar i 1900, men i 2000 vart folketalet estimert til 65 000 i byen og kring 200 000 i storbyområdet. Noko av landområdet kring byen vert nytta til dyrking av noko kveite, grønsaker og frukt, særleg sitrus og bananar. Fiske i byen er framleis ei viktig næring.

Gamlebyen[endre | endre wikiteksten]

Allé i gamlebyen i Sidon.

Den historiske kjernen i Sidon er frå mamelukktida, som strekkjer seg mellom Sjøborga og St. Louis-borga. Han ligg på eit nes i sjøen med intakte bymurar, som er godt bevarte. Gamlebyen er ein labyrint av tronge gater. Boga traséar knyter dei forskjellige bydelane saman. På gatenivå finst det mange suvenirbutikkar og små butikkar med gamle bakeri som lagar eit kveitebrød kalla kaak. Det ligg fleire moskéar daterte til omajadane i gamlebyen. Mange fjernsynsseriar og musikkvideoar er spelte inn i gamlebyen.

Religion og demograif[endre | endre wikiteksten]

Sidon er setet for den gresk-melkittisk-katolske erkebiskopen av Sidon og Deir el Qamar, og har alltid hatt mange katolske innbyggjarar. Sidon er òg sete i sunni-muftien og sjia-ayatollahen i Sør-Libanon.

I 1930-åra, då Libanon var under det franske mandatet, hadde Sidon den største jødiske folkesetnaden i Libanon.[4]

Religion Veljarar Prosent (%) Religion Veljarar Prosjent (%)
Sunni 36163 79,7 Romersk-latinsk katolsk 82 0,2
Sjia 4888 10,8 Armensk-katolsk 38 0,1
Drusarar 43 0,1 Kaldeisk 19 0,0
Alawittar 2 0,0 Syrisk-ortodokse 18 0,0
Gresk-melkittiske katolikkar 1686 3,7 Syrisk-katolske 17 0,0
Maronittar 1513 3.3 Assyrarar 4 0,0
Gresk-ortodokse 310 0,7 Koptarar 1 0,0
Armensk-ortodokse 256 0.6 Andre kristne 19 0,0
Evangelikarar 171 0,4 Uspesifisert 161 0,4

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Allé i den gamle marknaden.
St. Louis-borga.
Inne i Khan El Franj.
Ziriøya
  • Sidon sjøborg, ei festning bygd av krossfararane tidleg på 1200-talet. Ligg nær hamna i Sidon.
  • Sidon såpemuseum. Syner historia til såpemakinga i regionen
  • Khan el Franj («Den franske karavanseraien»), bygd av emiren Fakhreddine på 1600-talet for franske handelsmenn.
  • Debbanepalasset, ein historisk residens bygd i 1721 med døme på arabisk-osmansk arkitektur. Er i dag omgjort til historisk museum i Sidon.[5] Villaen var tidlegare busett av Hammoud-familien.
  • Gamle Souk, ein historisk marknad mellom sjøborga og St. Louis-borga.
  • St. Louis-borga (Qalaat Al Muizz). Vart bygd av krossfararane på 1200-atlet over ruinane av ei festning bygd av fatmidekalifen Al Muizz. Han ligg sør for gamle Souk.
  • Eshmuntempelet, tileigna den fønikiske guden for læking. Bygd på 600-talet fvt.
  • Ziri, ein liten holme, 1,5 km utafor kysten av Sidon.
  • Corniche er ein strandpromenade som strekkjer seg 7 km langs kysten av byen.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Sidon er heimstad til fleire utdanningsinstitusjonar frå offentlege grunnskular til private universitet. Sidon har i alt ti universitet.

Sidon i Bibelen[endre | endre wikiteksten]

Heilagdom til minne om den siste møtestaden mellom Paulus og St. Peter i gamlebyen i Sidon.

Sidon er nemnt fleire stader i Bibelens:

  • Han fekk namnet frå den førstefødde til Kanaan, barnebarnet til Noa (1. mosebok 10:15, 19).
  • Zebulunfolket har ei grense ved Sidon. (1. Mos. 49:13)
  • Det var den første heimen til fønikarane på kysten av Kanaan, og vert ein stor by på grunn av handelen. (Josva 11:8; 19:28).
  • Han var moderbyen til Tyr. Han låg innafor området til Asjer-folket, men vart aldri underlagt (Domarane 1:31).
  • Sidon undertrykte i lang tid Israel (Domarane 10:12).
  • Frå tida til David vart byen mindre viktig, og Tyr, «jomfrudottera» (Jesaja 23:12), tok over rolla til Sidon.
  • Salomo inngjekk ein ekteskapsallianse med sidonarane (1. Kongebok 11:1, 33).
  • Jesabel var ei sidonsk prinsesse (1. Kongebok 16:31).
  • Han var kjend for handverket og kunsten, og for handelen (1 Kongebok 5:6; 1 Krønikebok 22:4; Esekiel 27:8).
  • Han vart ofte nemnt av profetane (Jesaja 23:2, 4, 12; Jeremia 25:22; 27:3; 47:4; Esekiel 27:8; 28:21, 22; 32:30; Joel 3:4).
  • Elia reiste til Sidon, der han utførte mirakel (1 Kongebok 17:9–24).
  • Jesus vitja kysten av Tyr og Sidon (Matteus 15:21; Markus 7:24) og frå denne regionen kom mange for å høyre han preike (Markus 3:8; Lukas 6:17).
  • Frå Sidon set Paulus segl mot Roma (Apostelgjerningane 27:3, 4).

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjende folk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lorraine Copeland; P. Wescombe (1965). Inventory of Stone-Age sites in Lebanon, p. 136. Imprimerie Catholique. Henta 21 July 2011. [daud lenkje]
  2. Thomas Kelly, Herodotus and the Chronology of the Kings of Sidon, Bulletin of the American Schools of Oriental Research, nr. 268, s. 39–56, 1987
  3. «Istanbul Archaeology Museum». The New York Times. Henta 25. september 2014. 
  4. Simon, Reeva S., Michael M. Laskier, and Sara Reguer, eds. 2003. The Jews of the Middle East and North Africa in Modern Times. New York: Columbia University Press. P. 332
  5. «Welcome to Debbane Palace». Museumsaida.org. Henta 6 May 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sidon