Sayyid-dynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sayyid-dynastiet var eit herskardynasti i Delhisultanatet. Det hadde makta frå 1414 til 1451 gjennom fire herskarar. Dynastiet blei grunnlagd av Khizr Khan, som hadde vore guvernør av Multan under det føregåande Tughlakdynastiet. Han tok ikkje tittelen sultan, men var i det minste i namnet vasall for det mongolske Timuridedynastiet. Dynastiet har tittelen sayyid fordi det skulle stamma frå profeten Muhammed gjennom dottera hans Fatima og svigersonen Ali.

Den siste Sayyid-herskaren, Ala-ud-Din, abdiserte frivillig frå trona til fordel for Bahlul Khan Lodi, som grunnla Lodi-dynastiet.[1]

År Herskar
1413–1415 Daulat Khan
1415–1421 Khizr Khan
1421–1435 Mubarrak sjah II
1435–1445 Mohammed sjah IV
1445–1451 Aladdin Alam sjah

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mahajan, V.D. (1991, reprint 2007). History of Medieval India, Part I, Now Delhi: S. Chand, ISBN 81-219-0364-5, s. 244
Small Sketch of Owl.pngMateriale frå Nordisk familjebok, «Indien», 1913.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.