Sayyidah Zaynab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°26′50″N 36°20′10″E
Sayyidah Zaynab
السيدة زينب
by
Lady zaynab mosque.jpg
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Rif Dimashq
Distrikt Markaz Rif Dimashq
Nahiyah Babbila
Koordinatar 33°26′50″N 36°20′10″E
Folketal 136 427 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Sayyidah Zaynab (arabisk السيدة زينب, tyder Frua Zaynab) ofte kalla Set Zaynab, er ein by i Syria i Rif Dimashq guvernement. Med eit folketal på 136 427 (2004), Sayyidah Zaynab er han den 10. største byen i Syria og den største forstaden kring hovudstaden Damaskus. Han ligg berre 10 km sør for den syriske hovudtaden. Administrativt ligg byen i Markaz Rif Dimashq og høyrer til Babbila nahiyah («underdistrikt»).[2] Kommunen Sayyidah Zaynab er framleis rekna som eit landleg samfunn i guvernementet Rif Dimashq.[3]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet på byen kjem frå heilagdomen der grava til Zaynab, dottera til ‘Alī og Fātimah og barnebarnet til Muhammed, ligg. Sjiamuslimar trur at Sayyidah Zaynab-moskéen er den autentiske gravstaden til Zaynab, medan moskéen i Kairo med same namn høyrer til Zaynab bint Yahya bint Zayd bint ‘Alī Zayn al-‘Ābidīn (t.d. oldebarnet til imamen).[4]

Religiøs tyding[endre | endre wikiteksten]

Sayyidah Zaynab er ein av dei viktigaste pilegrimsstadane innan sjiaislam. I 1980-åra, under og etter Den iransk-irakiske krigen, auka talet på vitjande kraftig og nådde ein topp i 1990-åra då Sayyidah Zaynab-moskéen stod ferdig. Den vesle byen vart omvendt til eit stort pilegrimmssenter for sjiamuslimane. I dag (fram til borgarkrigen) vitjar kring 1 million turistar byen kvart år.

I dag er det 33 offentlege skular og mange religiøse institusjonar i byen.

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

Den 27. september 2008 gjekk det av ei bilbombe i krysset som fører opp til moskéen, og tok livet av 17 menneske, medan 17 andre vart skadde.[5]

Den 14. juni 2012 vart byen igjen åstad for eit sjølvmordsåtak då ei bilbombe førte til at 14 menneske vart hardt skadde.[6]

Sidan midten av sommaren 2012 har byen vore under åtak frå væpna militante sunnimuslimar frå nabobyane. Mange sjiamuslimar og pro-statlege familiar vart drivne ut av heimane sine sør i Damaskus og søkte tilflukt i Sayyidah Zaynab. Bombeåtak vart meir vanleg i denne hovudsakleg sjiamuslimske byen. I januar 2013 landa ei bombe på Sayyidah Zaynab-moskéen og føte til noko skade på ein av minaretane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Babbila nahiyah folkesetnader
  2. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
  3. Sayyidah Zaynab: City in a village
  4. Syria - Sayyidah Zaynab
  5. «Syria condemns Damascus car bombing as «cowardly terrorist act»». Xinhua. 1. juli 2014. Henta 1. juli 2014. 
  6. Syria Today:Suicide car bomb blast in Sayyidah Zaynab