Saône-et-Loire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saône-et-Loire
Våpenskjoldet til Saône-et-Loire
Plassering
Plasseringa til Saône-et-Loire i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 71
Region: Bourgogne
Préfecture: Mâcon
Sous-préfectures: Autun
Chalon-sur-Saône
Charolles
Louhans
Arrondissement: 5
Kantonar: 57
Kommunar: 573
Président du conseil général: Christophe Sirugue
Statistikk
Folketal Rangering 42.
 -1999 544 893
Folketettleik: 64/km²
Landareal¹: 8 575 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Saône-et-Loire (frankoprovensalsk Sona-et-Lêre) er eit departementet aust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bourgogne, og er kalla opp etter elvane Saône og Loire.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Saône-et-Loire er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Burgund og Bresse, og samla saman land som tidlegare ikkje hadde høyrt i hop verken politisk eller historisk. Historia til området følgjer derfor stort sett Burgund sin.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Bourgogne og grensar til departementa Côte-d'Or, Jura, Ain, Rhône, Loire Allier og Nièvre.

Saône-et-Loire er det sjuande største departementet i Frankrike og det tettast folkesette i Bourgogne. I vest ligg åsane Autunois, området rundt Autun, Charolles og Mâcon. I sentrale området renn Saône frå nord til sør over ei vid slette. Saône er ei sideelv til Rhône og dei møtes ved Lyon før ho renn vidare mot Middelhavet. Loire renn i motsett retning og munnar ut i Atlanterhavet. Ein kanal (Canal du Centre) knyter Saône til Loire mellom Chalon-sur-Saône og Digoin, og knyter dermed Middelhavet til Atlanterhavet. I aust av departementet ligg sletta Bresse. I vest ligg industriområda i Le Creusot og Montceau-les-Mines.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Saône-et-Loiriens..

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Saône-et-Loire