Scandic Sunnfjord Hotel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa er eit fullservicehotell som ligg sentralt i Førde i Sunnfjord. Hotellet har 205 rom, og er premiert for sin frukostbuffé som blir servert i Restaurant Laxen. Frukostbufféen er kåra til ein av landets beste (Vestlandets beste) i 2006/2007. Hotelldirektør er Odd Erik Gullaksen.

I august 2009 opna hotellet ei storstilt spa-avdeling i eit nytt tilbygg til hotellet. Anlegget vart ved opninga karakterisert som eit av norges beste av konsernsjefen i RICA-kjeda. I 2009 vart hotellet heidra for si langvarige miljøsatsing, og blei det første svanemerka hotellet i Sogn og Fjordane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]