Scarba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scarba
Lokalt namn: Sgarba
Utsikt mot Scarba frå Luing
Utsikt mot Scarba frå Luing
Geografi
Scarba is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°10′34″ N 5°43′24″ WKoordinatar: 56°10′34″ N 5°43′24″ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 14,74 km²
Høgaste punkt Cruach Scarba (449 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Demografi
Folketal 0 (2001)

Scarba er ei øy på vestkysten av Skottland. Administrativt er ho ein del av regionen Argyll and Bute.

Scarba ligg i dei indre Hebridane, like nord for Jura. Aust for Scarba ligg Slate Islands og fastlandet (eigentleg øya Storbritannia), og nord og vest for øya ligg Firth of Lorn.

Vestkysten av Scarba med malstraumen Corryvreckan.
Foto: Russ Baum

Scarba er forma som ein rund og forholdsvis bratt haug. Ho har eit areal på 14,74 km², og det høgaste punktet på øya er Cruach Scarba som er 449 meter over havet. I klassifiseringssystemet for fjell på Dei britiske øyane er Cruach Scarba ein marilyn. Scarba har ikkje hatt fast busetnad sidan 1960-talet, men det ligg nokre bygningar ved Kilmory Lodge på austsida av øya.

Øya er dekt av lyngheier og vert nytta til beitemark. Det er ein stor bestand av hjort på øya.

Sundet mellom Scarba og Jura vert kalla Corryvreckan, her dannar ein sterk tidvassstraum den tredje sterkaste malstraumen i verda. Scarba, den mindre naboøya Lunga og holmane kjent som Garvellachs utgjer tilsaman verneområdet Scarba, Lunga and the Garvellachs National Scenic Area.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]