Scarlet Ribbons (For Her Hair)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Scarlet Ribbons (For Her Hair)» er ein popsong skriven av Evelyn Danzig med tekst av Jack Segal.

«Scarlet Ribbons» vart skriven på berre 15 minuttar i 1949 heime hos Danzig i Port Washington i New York etter ho inviterte tekstforfattaren Segal til å høyre musikken hennar.[1] Innspelingar av songen Juanita Hall og Dinah Shore gjorde ikkje stor inntrykk på salet, men i 1952 spelte Harry Belafonte songen på den tredje innspelinga til RCA Records, songen med eit arrangementet med berre Millard Thomas på gitar[2] og ei mannleg vokalgruppe. Etter stadig god respons på konsertar, vart den fire år gamle inspelinga til slutt ein suksess i 1956[3] etter han kom ut på det andre albumet, som etter det neste albumet til Belafonte, Calypso vart det første millionseljande albumet hans, og nådde toppen av den amerikanske albumlista. Det låg seks veker på toppen og inne på lista i over eitt år. Den mest suksessrike versjonen i USA, av The Browns, nådde 13. plassen i desember 1959. «Scarlet Ribbons» har vorte ein popstandard med mange innspelte versjonar og han har vore med på mange julemusikkalbum.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oliver, Myrna (18. februar 2005). «Jack Segal, 86; song lyricist - The Boston Globe». Boston.com. Henta 1. mars 2015. 
  2. «Persons in alphabetical order T». Akh.se. Arkivert frå originalen 24. desember 2012. Henta 1. mars 2015. 
  3. Dick Vosburgh (8. august 1996). «Obituary:Evelyn Danzig - People - News». The Independent. Henta 1. mars 2015.