Scelidosaurus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Scelidosaurus
Scelidosaurus model.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Ornithischia
Underorden: Thyreophora
Slekt: Scelidosaurus
Owen, 1860
Scelidosaurus

Scelidosaurus var ein planteetande dinosaur som levde tidleg i jura-perioden. Scelidosaurus var ein av dei fyrste panserdinosaurane. Han var på storleik med ei lita ku og var ingen stor dinosaur. Men den var sannsynlegvis for tung til å laupa frå fiendane sina, så den brukte panseret til å forsvara seg med. Det bestod av rader med benknotter som stod ut av skinnet på ryggen, frå baksida av skallen til haletippen. Då Scelidosaurus levde, var nok knottane dekt av eit hornlag, og dei var truleg svært spisse. Beina til Scelidosaurus var truleg kraftige og den gjekk på alle fire.

Skjelett av ein Scelidosaurus

Panserdinosaurane utvikla seg ikkje før seint i jura og tidleg i krit. Forskarar har alltid trudd at Scelidosaurus må ha vore stamfaren til dei typane som kom seinare. To store grupper var kamøgle, til dømes Stegosaurus, med rett oppståande plater og piggar på ryggen, og platedinosaurane, til dømes Ankylosaurus , med vassrette skjold og piggar som stakk ut frå sidene. Det er mest sannsynleg at Scelidosaurus tilhøyrde den gruppa som utvikla seg til platedinosaurane. Ein av grunnene til at ein trur dette, er at hodeskallen til Scelidosaurus var omgjeve av benplater, slik den var på dei seinare platedinosaurane, men ikkje på kamdinosaurene. Ein har likevel ikkje funne fossil av pansra dinosaurar frå dei 40 millionane åra som skil mellom Scelidosaurus og dei seinare pansra formene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!