Scene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scene og sal i Théâtre des Champs-Élysées i Paris.
Mellombels utandørsscene

Scene eller sene er den delen i eit teater, i ein konsertsal eller ei avgrensa flate utandørs, der det vert framført skodespel, opera, konsert, dans og liknande for eit publikum som har tilhald framfor eller ikring scena. Ordet scene vert òg nytta om kvart av dei avsnitta i eit skodespel, ein opera, ein film og liknande som gjeld den same hendinga. Dessutan vert ordet scene nytta som synonym for teater.

Ordet «scene» kan elles verte nytta om eit opptrinn, eit syn, eit bilete, eller om staden der ei hending går føre seg.

Jordoppservasjonssatelittar[endre | endre wikiteksten]

I samband med jordobservasjonssatellittar vert ordet scene nytta om det avgrensa geografiske området som den einskilde satellitten dekker med sin innhenting av data.[1]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet «scene» har opphav i gresk σκήνη, skene, som tydar telt eller overdekka plass, og var opphavleg nytta om den bygningen i amfiteateret som tente som kulisse attom staden der skodespelarane var i aksjon.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]