Hopp til innhald

Sceneweb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sceneweb
Type nettstadnettdatabase, nettstad, katalog
Grunnlagd2011
OpphavslandNoreg
Nettstadwww.sceneweb.no

Sceneweb er den nasjonale databasen for profesjonell scenekunst i Noreg. Databasen gjev ei oversikt over premierar ved norske teater- og danseinstitusjonar og eit historisk arkiv om norsk teater og dans. Der vert informasjon heldt om mellom anna kunstnariske produksjonar, personar, grupper, institusjonar, spelestader og utmerkingar innan norsk teater- og dansebransje. Databasen er i stor grad dekkjande på repertoarnivå. Nytt digitalisert materiale som t.d. foto, plakatar og program vert lagde inn kvar dag.

Sceneweb såg dagens ljos i oktober 2011. Då vart internettsida der databasen vert formidla lansert.

Sceneweb er eigd og vert drifta av Danse- og teatersentrum/Performing Arts Hub Norway.

I 2013 vart det inngått eit samarbeid med Nasjonalbiblioteket,[1] som er leiande på innsamling og digitalisering.

  1. Anette Therese Pettersen (19. desember 2014). «Sceneweb viderefører samarbeid med Nasjonalbiblioteket». Scenekunst. Henta 5. november 2019.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]