Schärding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bybilete i Schärding

Schärding er ein by og ein kommune i Distriktet Schärding i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 4,0 km² og i kring 5100 ibuarar. Byen Schärding ligg ei 10-12 kilometer sør om Passau, ved elva Inn og 313 meter over havet.

Schärding er distriktshovudstad og eit lokalt senter for det kringliggjande grannelandet. Omframt eit meieri og eit bryggeri er dei aller fleste tilsett i tertiærnæringar, så som handel og offentleg tenesteyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]