Schackrutor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schackrutor.

Schackrutor er ein svensk småkaketype med sjakkbrettmønster. Ein lagar dei ved å dela ein klassisk mørdeig i to, og så tilsetja kakao til den eine delen. Dei to deigdelane blir så begge delte i to att og rulla til pølser. Desse blir så lagde saman og skorne i skiver som likner små sjakkbrett.

Kakene er vanlege å ha som eit av sju slag kaker på eit tradisjonelt kakefat.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Schackrutor». ICA.se (på svensk). Henta 20. august 2020.