Schakklubben av 1911

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Schakklubben av 1911 er ein sjakklubb i Oslo.

Schakklubben av 1911 vart stifta 14. november 1911. Den var ein av dei sju sjakklubbane som var med og stifta Norges Sjakkforbund i 1914.

Den vart raskt ein nokså stor klubb, med sterke spelarar. I 1926 vart Lars Hanssen nr 2 i øvste klasse i Noregsmeisterskapen i sjakk, og i 1927 vart Haakon Opsahl nr 3. I 1936 vann klubben den første noregsmeisterskapen i sjakk for klubblag.

Schakklubben av 1911 har vore i kontinuerleg drift sidan 1911, men i 1992 var klubben nær ved å bli nedlagd. Det vart då valt eit nytt interimstyre, og det vart skaffa nye spelelokale. På årsmøtet i 1993 vart dåverande generalsekretær i Norges Sjakkforbund Johs. R. Kjeken vald til ny formann.

Klubben har i ettertid hatt jamn vekst i medlemstal, aktivitet og spelestyrke. Dette mellom anna på grunn av systematisk og omfattande aktivitet i Schakklubben av 1911 si ungdomsavdeling. Dette har ført til at spelarar frå klubben har tatt heim mange meisterskap i turneringar som NM i sjakk for ungdom og NM i sjakk for skulelag, og i dei aldersbestemte klassane i Noregsmeisterskapen i sjakk.

Klubben har dei siste sesongane spelt i den norske eliteserien i sjakk.

Schakklubben av 1911 er no den største i Noreg, med om lag 110 medlemmar pr 31.12.2007.

Dei mest kjende spelarane frå klubben no, er dei Internasjonale meistrane i sjakk Frode Urkedal, Torbjørn Ringdal Hansen og Torstein Bae. Torstein Bae var president i Norges Sjakkforbund frå 2004 til 2007, Frode Urkedal vart noregsmeister i sjakk for 2012.

Schakklubben av 1911 arrangerte Noregsmeisterskapen i sjakk for 2011, i samband med at klubben då var 100 år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Heimesida til Schakklubben av 1911

Kjelder[endre | endre wikiteksten]