Hopp til innhald

Schengenavtalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
██ EU-land som har godkjent avtalen ██ Land utanfor EU som har godkjent avtalen ██ Framtidige medlemsland ██ EU-land som delvis har godkjent avtalen
Monument over avtalen i Schengen i Luxembourg.
Eit typisk grenseskilt mellom to land (teksten på skiltet skifter frå land til land).

Schengenavtalen vart inngått av Vest-Tyskland, Frankrike, Nederland, Belgia og Luxembourg i juni 1985 på skipet «Princesse Marie-Astrid» på Moselelva nær landsbyen Schengen i Luxembourg, ved den franske og tyske grensa.

Formålet var å byta ut grensepostane og grensekontrollane mellom landa med eksterne grensekontrollar. Den 19. juni 1990 underteikna dei fem landa Schengenavtalen. Han er i dag utvida til å gjelda 27 land i Europa. Det er ingen ordinær passkontroll mellom medlemslanda.

Noreg i Schengen[endre | endre wikiteksten]

Stortinget vedtok 9. juni 1997 at Noreg skulle slutta seg til Schengenavtalen, med røystene til Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Stortingspartia som var mot norsk tilslutning til avtalen var Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse.

Noreg vart saman med dei andre nordiske landa del av Schengen-området 25. mars 2001.

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

Medlemsland
# Land Verksam
1  Tyskland1 1995-03-2626. mars 1995
2  Nederland 1995-03-2626. mars 1995
3  Belgia 1995-03-2626. mars 1995
4  Luxembourg 1995-03-2626. mars 1995
5  Frankrike 1995-03-2626. mars 1995
6  Spania 1995-03-2626. mars 1995
7  Portugal 1995-03-2626. mars 1995
8  Italia 1997-10-2626. oktober 1997
9  Austerrike 1997-12-011. desember 1997
10  Hellas 2000-03-2626. mars 2000
11  Island 2001-03-2525. mars 2001
12  Noreg 2001-03-2525. mars 2001
13  Sverige 2001-03-2525. mars 2001
14  Danmark 2001-03-2525. mars 2001
15  Finland 2001-03-2525. mars 2001
16  Estland 2007-12-2121. desember 20072
17  Latvia 2007-12-2121. desember 20072
18  Litauen 2007-12-2121. desember 20072
19  Polen 2007-12-2121. desember 20072
20  Tsjekkia 2007-12-2121. desember 20072
21  Slovakia 2007-12-2121. desember 20072
22  Ungarn 2007-12-2121. desember 20072
23  Slovenia 2007-12-2121. desember 20072
24  Malta 2007-12-2121. desember 20072
25  Sveits 2007-12-2121. desember 20073
26  Liechtenstein 2011-12-1919. desember 2011
27  Kroatia 2023-01-011. januar 2023[1]
-  Republikken Kypros Søkjarland
-  Bulgaria Søkjarland
-  Romania Søkjarland
-  Vatikanstaten Søkjarland
Unnatak
Stad Land
 Svalbard Noreg
 Grønland Danmark
 Færøyane Danmark
 Aruba Nederland
 Curaçao Nederland
 Sint Maarten Nederland
Flagget til Hellas Áthos Hellas
 Fransk Guyana Frankrike
 Guadeloupe Frankrike
 Réunion
og andre franske
område utanfor Europa
Frankrike
Flagget til Spania Ceuta Spania
Flagget til Spania Melilla Spania

1 Då traktaten vart verksam i 1995, var Vest-Tyskland og Aust-Tyskland på ny sameint. Difor var berre Vest-Tyskland med i 1985 då traktaten vart inngått.
2 Traktaten vart verksam til lands og til havs i desse ni landa på denne datoen. Ved flyplassane opphøyrde passkontrollen 30. mars 2008.
3 Traktaten vart verksam i kraft til lands i Sveits på denne datoen. Ved flyplassane opphøyrde passkontrollen 29. mars 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Schengenområdet: Rådet beslutter at ophæve grænsekontrol med Kroatien» (på dansk). Det Europeiske Råd. 8. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]