Schibsted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Schibsted ASA)
Schibsted

Org.formAllmennaksjeselskap
Org.nr.933739384
Skipa1839
DotterselskapSchibsted Norge, Lister
HovudkontorOslo
LandNoreg
StyreleiarOle Jacob Sunde (1. mai 2000)[1]
Adm.dir.Kristin Skogen Lund (1. desember 2018)[2]
Nettstadhttp://www.schibsted.com

Schibsted (OSE: SCH) er det største mediekonsernet i Noreg, og ein av dei leiande medieaktørane i Skandinavia. Konsernet har etablerte produkt og rettar innanfor media som avis, fjernsyn, film, forlag, multimedia og mobile tenester.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selskapet vart grunnlagt av Christian Schibsted i 1839 då han starta ei lita verksemd som boktrykkjar i Oslo. Schibsted overtok eigarskapet til Verdens Gang i 1966, då avisa var i finansielle problem. I 1988 vart det til då familieeigde selskapet omlagt til aksjeselskapsforma og det vart oppretta ulike dotterselskap. I dag eig Schibsted mellom anna Verdens Gang, Aftenposten og Avis1, og er deleigar av svenske Aftonbladet (49,9%), TV 2 (33,3%), Svenska Dagbladet, Metronome Film & Television AB (60%) og Sandrew Metronome (50%).

Konsernet vart børsnotert i 1992, og konsernsjef har sidan det vore Kjell Aamot.

Hovudkontoret ligg i Oslo og det meste av verksemda er knytt til Noreg og Sverige.

Eigarskap[endre | endre wikiteksten]

Schibsted ASA er eigd av:

  • Blommenholm Industrier AS ved Tinius Nagell-Erichsen (26,1 %)
  • State Street Bank (10,7 %)
  • Folketrygdfondet (8,2 %)
  • Capital Research (6,6 %)
  • Marathon Asset Management (6,1 %)
  • Mellon Bank (6,0 %)
  • Andre eigarar (36,2 %)

Schibsted ASA eig dette innan norsk presse og fjernsyn:

Andre selskap Schibsted eig:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://schibsted.com/about/who-we-are/the-board/; vitjingsdato: 2021 (Julian).
  2. https://schibsted.com/about/management-teams/; vitjingsdato: 21. august 2019.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]