Schiller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Schiller er eit omgrep nytta om ein spesiell bronseliknande glans hos einskilde mineral på grunn av indre refleksjon, til dømes hos bronzitt, som òg vert kalla schillerspat. Meir generelt vert det nytta om fargespel i ein krystall, som kjem av vanlegvis mikroskopiske inneslutningar. Det finst hos fleire mineral.

Spesielle nemningar er irisering (iridescens), labradorisering og opalisering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]