Schjoldagerveita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Schjoldagerveita i Trondheim.

Schjoldagerveita er ei gate i Midtbyen i Trondheim.

Veita går mellom Søndre gate og Kjøpmannsgata på kvar si side av Peter Egges plass. Namnet er første gong nemnt i 1768. Veita er oppkalla etter kamin- og feiarinspektør Paul Christian Schjoldager (d. 1785), som åtte ein gard i nærleiken.

Schjoldagerveita utgjer den austlegaste delen av det mellomalderske gateløpet Øvre allmenning. Tidlegare har gata gått under namnet St. Gegoriusstredet og Hans Michelsens veit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bratsberg, T.T.V. (2008): Trondheim byleksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget
  • Ledang, Åslaug (1996): Gatenavn i Trondheim. Uprenta hovudoppgåve (Trondheim, NTNU)