Schokalsky Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 69°15′S 69°55′W
Schokalsky Bay
bukt
Schokalsky Bay, Antarctica.jpg
Schokalsky Bay med kalvande isfjell frå Hamptonbreen.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 69°15′S 69°55′W
Lengd 11 km
Administrert under Antarktistraktaten

Schokalsky Bay
69°15′0″ S 69°55′0″ W
Schokalsky Bay is located in Antarktis
Schokalsky Bay (Antarktis)

Schokalsky Bay er den austlegaste buktaAleksanderøya i Antarktis, 17 km brei ved innløpet og 11 km lang. Ho ligg mellom Mount Calais og Cape Brown langs austkysten av Aleksanderøya og George VI isbrem i George VI Sound. Hamptonbreen kalvar store mengder is ut i bukta ved Schokalsky Bay. Isen er i stykke og ujamn, så bukta høver seg ikkje for slederuter inn mot Aleksanderøya. Bukta vart oppdaga frå avstand i 1909 og grovt kartlagd av Den franske antarktisekspedisjonen under Charcot som, trudde det var eit sund og kalla det «Detroit Schokalsky» etter Julij M. Sjokalskij, ein russisk geograf, meteorolog og oseanograf. Charcot nytta skrivemåten Schokalsky som mannen sjølv nytta då han transkriberte namnet sitt. Kysten i nærleiken vart fotografert frå lufta og bukta vart grovt kartlagd i 1937 av British Graham Land Expedition, men Charcot sin «Detroit Schokalsky» vart ikkje identifisert. Landmålingar utført av Falkland Islands Dependencies Survey i 1948 identifiserte denne bukta som kjennemerket opphavleg namngjeve av Charcot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Schokalsky Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).