School Days

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
School Days
Singel av Chuck Berry
B-side

«Deep Feeling»

Språk engelsk
Utgjeve 1957
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:40
Selskap Chess 1653
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Produsent Leonard og Phil Chess
Chuck Berry-kronologi 
«You Can't Catch Me»
(1956)
School Days «Oh Baby Doll»
(1957)


«School Days» (òg kjend som «School Day (Ring! Ring! Goes The Bell)») er ein rock and roll-song skriven av Chuck Berry og gjeven ut på singel av han i 1957. Det er ein av dei best kjende songane hans. Songen dukka seinare opp som første song på det første albumet hans, After School Session.

Songstrukturen er ein grunnleggande 12-taktsblues med ein rock and roll-takt. Den elektriske gitaren imiterer vokallinja med ein takts forseinking. Teksten skildrar ein vanleg, kjedeleg skuledag og lykka studenten føler ved å danse på den lokale juke jointen etter skulen.

Det siste verset i songen inneheld teksten «Hail, hail rock and roll / Deliver me from the days of old.» Hail! Hail! Rock and Roll vart tittelen på ein konsertfilm og dokumentar frå 1987 om Berry. Mykje av det musikalske arrangementet vart nytta om att av Berry i 1964 på «No Particular Place to Go». Det same arrangementet vart òg nytta på «Big Ben Blues», ei særs sjeldan innspeling.

Songen vart nytta under rulleteksten på Neil Young sin konsertfilm Rust Never Sleeps .

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Berry spelte inn songen 21. januar 1957 i Universal Recording Studios i Chicago. Innspelinga vart produsert av Chess-brørne, Leonard og Phil. Berry hadde med seg gitaristen Hubert Sumlin (kjend for arbeidet sitt med Howlin' Wolf), bassisten Willie Dixon og trommeslagaren Fred Below.[1]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Berry si innspeling nådde femteplassen på Billboard Hot 100-lista (den tredje høgaste plasseringa hans) og toppen av R&B Best Sellers-lista.[2][3] Det var òg den første singelen hans på UK Singles Chart, der han nådde 24. plassen.[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Eit konsertopptak frå 1959 av Eddie Cochran kom ut i 1999 på albumet The Town Hall Party Shows.

Ein britisk versjon frå 1957 av Don Lang and His Frantic Five nådde 26. plassen i Storbritannia.

Det australske hardrockbandet AC/DC spelte inn ein versjon av «School Days» for det andre albumet deira, T.N.T. Dette vart opphavleg berre gjeve ut i Australia,[5] men i 1997 kom det ut internasjonalt med tittelen Volts, ei samling av songar sungen av Bon Scott, som ein del av plateboksen Bonfire.

Songen vart spelt inn av den britiske rockeartisten Gary Glitter, som spelte han inn under tittelen «School Day (Ring! Ring! Goes the Bell)» på albumet Glitter i 1972.

Songen vart spelt av Iron City Houserockers for debutalbumet Love's So Tough med tittelen «School Days (Ring! Ring! Goes the Bell)», men vart fjerna frå den første utgåva. Songen vart sidan gjeven ut på samlealbumet Pumping Iron & Sweating Steel: The Best of the Iron City Houserockers.

Songen vart spelt inn av Jan & Dean i 1964 på albumet Dead Man's Curve – The New Girl In School, med tittelen «School Days». Versjonen deira vart gjeven ut på singel av Liberty Records i 1966.

Det australske rock-and-roll revival-bandet Ol' 55 spelte inn ein versjon av «School Days» som ein «avslutning» på albumet Take It Greasy frå 1976.

«School Days» vart framført av Beach Boys med tittelen «School Day (Ring! Ring! Goes the Bell)» i 1980 på albumet Keepin' the Summer Alive, med Al Jardine på solovokal.

«School Days» vart spelt inn av bluespianisten og vokalisten Ann Rabson.

«School Days» vart spelt inn og framført av Rock-Afire Explosion i 1981

Lil Rob spelte inn songen som «Street Dayz» for albumet The Album, og la til skulerelatert tekst med referansar til gjengliv, dop og sex.

Ein versjon av «School Days» vart gjeve ut på The Simpsons-albumet The Simpsons Sing the Blues, med vokal av Buster Poindexter og teikneseriefiguren Bart Simpson, og ein gitarsolo av Joe Walsh.

Elvis Presley sitt orkester spelte ofte ein versjon av «School Days» på dei siste konsertane hans.

Ein uoffisiell versjon av «School Days» vart spelt under lydsjekken for ein Led Zeppelin-konsert i Chicago Stadium den 6. juli 1973.

New Riders of the Purple Sage framførte «School Days» på ein konsert på Academy of Music i New York City den 24. november 1973.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gold (CD liner). Chuck Berry. United States: Geffen Records/Chess Records. 2005. s. 21, 27. 0602498805589. 
  2. «Billboard Magazine, May 27, 1957». 
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Record Research. s. 55. 
  4. «School Day (Ring! Ring! Goes the Bell)». Chartstats. Arkivert frå originalen (PHP) 23. juli 2012. Henta 27. juni 2017. 
  5. Wall, Mick (2012). AC/DC: Hell Aint a Bad Place to Be. London: Orion Publishing. ISBN 9781409115359. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]