SOAS, University of London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SOAS, University of London

MottoKnowledge is Power
Grunnlagt1916
StadLondon Borough of Camden
Studentar6 295 (2021)
MedlemskapORCID
Nettstadhttps://soas.ac.uk (britisk-engelsk)

SOAS, University of London eller School of Oriental and African Studies er eit universitet i sentrale London som blei grunnlagd i 1916 som del av University of London. Dei viktigaste faga ved SOAS er humaniora, politikk, rettsvitskap, kultur og språk i tilknyting til Afrika, Midtausten og Asia. Det er den einaste høgare utdanningsintitusjonen som spesialiserer seg på desse områda.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

SOAS-bygningen ved Vernon Square.

Universitet har hovudcampus er ved Russell Square i bydelen Bloomsbury, saman med systeruniversitetet University College London. I 2001 opna det også ein campus ved Vernon Square i bydelen Islington ikkje så langt unna.

Statue av den tamilske diktaren Thiruvalluvar ved universitetsbiblioteket.

Universitetet tilbyr over 300 grunnutdanningar og over 100 vidare utdanningar. SOAS får jamleg rang blant dei ti beste universiteta i Storbritannia innan emne som arkeologi, historie og rettsvitskap. Mellom anna tilbyr universitetet undervising i ei rekkje ikkje-europeiske språk. SOAS har rundt 300 akademiske tilsette.

Det er knytt to galleri til universitetet. The Percival David Foundation of Chinese Art har ei av dei mest omfattande samlingane av kinesisk keramikk og porselen i Europa. Brunei Gallery har ei vidfemnande samling med samtidige og historiske gjenstandar frå Afrika, Midtausten og Asia.

Framståande personar knytt til universitetet[endre | endre wikiteksten]

Studentar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Tilsette[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]