School of the Air

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


School of the Air-studioet i Alice Springs

School of the Air er ei fjernundervisingsordning for skulebarn på alle stadium i avsides og fjerntliggande område i Australia.

Skulen vart grunnlagd i 1950. Fram til 2002 føregjekk undervisinga over kortbølgjeradio på same radiosamband og frekvensar som vart brukt av Royal Flying Doctor Service of Australia. I dag føregår undervisinga ved hjelp av trådlaust Internett og mobiltelefonar.

Med innføring av Internett og web-kamera hos den enkelte eleven er det no vorte to-veg sin visuell kontakt mellom lærer og elev. Sjølve «skulen» med lærarar held til i dei større sentera og elevane sit spreitt omkring på dei enkelte farmane. Vanlegvis held til elevane ein time per dag der dei får individuell undervising frå læraren og resten av skuledagen arbeider dei med den mottekne materialen saman med foreldre, eldre sysken, andre slektningar eller ein tilsett huslærer. Tradisjonelt fekk elevane sit skulemateriell og rette oppgåver og returnerte nye oppgåve med Flying Doctor eller posten . Med innføring av internett og E-post får elevane no sina rette oppgåver på ein mykje raskare måte.

Ein skule som den i Alice Springs har for tida 120 elevar spreidd over eit område på 1 300 000 kvadratkilometer. Barn av dei opphavlege australiere, aboriginane utgjer omtrent 15 prosent av elevane.

Side alle elevane lever i ein isolert situasjon er School of the Air ofte deres første møte med andre barn og det første møtet med andre ut over den næraste familien. Gjennom ein årleg sammenkomster der elevane reiser til skulen og held til ei veke saman med lærer og dei andre elevar får borna høve til å knyta nye kontaktar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]