Schrankogel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Schrankogel
fjell
Schrankogel und Schrandele.JPG
Schrankogel i midten, med Schrandele til høgre
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Stubaialpane
Høgd 3 497 moh.
Primærfaktor 547 m
Førstestiging ca. 1840
Koordinatar 47°2′41″N 11°5′57″EKoordinatar: 47°2′41″N 11°5′57″E
Wikimedia Commons: Schrankogel

Schrankogel er ein 3 497 meter over havet høg fjelltopp i Stubaialpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Toppen, som ligg for enden av fjelldalen Sulztal, høyrer med i fjellområdet Alpeiner Berge.

Nordaustsida av Schrankogel er dekt av ein snøbre som flyt over i isbreen Schwarzenbergferner, på alle andre kantar syner Schrankogel bratte bergsider.

Allereie 20. september 1821 steig botanikaren Johann Hargasser heilt opp under toppen av Schrankogel. Kring om 1840 vart presten Schöpf i Gries im Sulztal fyrstemann på toppen då han klatra opp vestegga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]