Schwäbisch Hall
Schwäbisch Hall | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Schwäbisch Hall | |||
Wikimedia Commons: Schwäbisch Hall | |||
Schwäbisch Hall er ein by og ein kommune nordaust i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland. Kommunen har 41 000 ibuarar og dekker eit flatemål på 104,2 km². Byen ligg 304 meter over havet, om lag 37 km aust om Heilbronn og 60 km nordaust om Stuttgart. Byen er den største i Landkreis Schwäbisch Hall og krinssete.
Byen voks fram i mellomalderen rundt eit saltverk, kjent frå 1156. Gjennom 500 år, frå 1280 til 1802, hadde Hall status som keisarby i det tysk-romerske riket. Schwäbisch Hall er kjent for mynteininga heller, ei eining som har namn etter byen. Både språk og kultur i kommunen er frankisk-påverka.
Bausparkasse Schwäbisch Hall, ei byggjeforeining med over 6 millionar kundar, har hovudkontor i byen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Schwäbisch Hall» frå Wikipedia på tysk, den 8. mai 2023.