Schwarzach im Pongau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Schwarzach im Pongau er ein kommune (Marktgemeinde) i distriktet St. Johann im Pongau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 3,2 km² og i kring 3 500 ibuarar. Landsbyen Schwarzach ligg 601 meter over havet ved elva Salzach.

Til grannekommunen Sankt Veit im Pongau i aust er det berre litt over ein kilometer.

Skirennarane Bernhard Gruber, Michaela Kirchgasser, Andrea Fischbacher og skihopparen Stefan Kraft er alle frå Schwarzach.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]