Corno Nero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Schwarzhorn (Monte Rosa))
Corno Nero
Corno Nero i Monte Rosa-massivet
Corno Nero i Monte Rosa-massivet

Corno Nero i Monte Rosa-massivet

Høgd over havet 4 322 m s.l.m.
Område Italia
Fjellområde Wallis-Alpane
Dominans 0,3 km → Ludwigshöhe
Skardhøgd 42 m ↓ skaret til Ludwigshöhe
Koordinatar 45° 54′ 54″ N, 7° 51′ 43″ AKoordinatar: 45° 54′ 54″ N, 7° 51′ 43″ A
Corno Nero (Alpen)
Corno Nero (Alpen)
Corno Nero
Corno Nero
Førsteklatring 18. august 1873 av Marco Maglionini og Albert de Rothschild med førarane Eduard Cupelin og Peter og Nikolaus Knubel
Normalrute over sørvest- eller nordvestflanken (breturar)

pd2pd4

Corno Nero («Svarthorn») er ein 4 322 meter høg fjelltopp i Monte Rosa-massivet i den italienske delen av Wallis-Alpane.

Toppen ligg på kammen som går sørover frå Ludwigshöhe til Vincent-pyramiden. Dei næraste stadene er Zermatt i Sveits, og på den italienske sida Alagna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Corno Nero blei første gong klatra 18. august 1873. Klatrarane var Marco Maglionini og Albert de Rothschild med hjelp av fjellførarane Eduard Cupelin og Peter og Nikolaus Knubel.

Ruter[endre | endre wikiteksten]

  • Den vanlegaste normalruta er ein bretur med passasjar over fast fjell, og går frå den italienske sida over hytta Gnifettihytta (3.647 moh.) over nordvestflanken og over Zurbriggenjoch til toppen. Ein må då gå på firnsnø i opp til 43° og på det vanskelegaste meistre gradering I på UIAA sin skala. Turen tar i alt 2½–3 timar frå Gnifettihytta.
  • Oppstiginga over sørvestflanken og Vincentjoch har ein vanske på I+ på UIAA-skalaen og går i opp til 40° på firn. Òg for denne ruta handlar det stort sett om ein bretur. I alt 2½ time frå Gnifettihytta.

Begge rutene kan gåast på vinteren og våren. Skidepot under toppen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]