Hopp til innhald

Schweinfurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schweinfurt
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Bayern
Region Unterfranken
Landkreis Kreisfri by
Høgd 202–343 m
Areal 35,7 km²
Folketal 55 067 (31. desember 2023)
Først nemnd i 792
Postnummer 97401–97424
Retningsnummer 09721
Bilnummer SW
Kart
Schweinfurt
50°03′00″N 10°14′00″E / 50.05°N 10.233333333333°E / 50.05; 10.233333333333
Wikimedia Commons: Schweinfurt

Schweinfurt er ein by i Tyskland sørvest i delstaten Bayern med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg ved den høgre breidda av Main i Unterfranken, 27 km nordaust for Würzburg.

Bye vart først dokumentert i 792, men så tidleg som i 740 vart ein busetnad kalla Villa Suinfurde nemnd. På 900-talet var Schweinfurt sete for ein markgreve.

På første halvdel av 1200-talet vart Schweinfurt utvida til ein skikkeleg by med bymurar, tårn og byportar. På denne tida vart sjukehuset Nikolaus oppretta, ein fekk prege eigne myntar og arbeidet på kyrkja St. Johannis byrja.

Rundt 1250 vart Schweinfurt totalt øydelagd under ein strid mellom jarlen av Henneberg og fyrstbiskopen av Würzburg. Dei neste åra vart han gjenoppbygd. I 1282 fekk han status som fri by i Det tysk-romerske riket av kong Rudolf I av Habsburg. Sidan den gong har byvåpenet til Schweinfurt vist keisarørna. I 1309 vart byen gjeve til greven av Henneberg, men i 1360-åra vart byen igjen sjølvstendig og vart med i Det schwabisk-frankenske forbundet. I 1397 gav kong Wenzel byen rettar til å nytte elva Main, og i 1436–1437 vart landsbyen Oberndorf ein del av Schweinfurt. Eit par år seinare gjorde innbyggjarane i Schweinfurt opprør mot byrådet, etterfølgd av eit anna opprør i 1513–1514. Denne gongen vart byvedtektene vedtatt.

Byen tok til seg reformasjonen i 1542. Schweinfurt vart igjen øydelagd under markgrevekrigen i 1554. Åra fram til 1615 vart nytta til gjenoppbygging.

Schweinfurt vart med i Protestantunionen i 1609. Under trettiårskrigen vart han okkupert av Gustav Adolf, som reiste festningsverk her som framleis eksisterer.

Schweinfurt opplevde store tap under napoleonskrigane i 1796–1801.

Rådhuset i Schweinfurt.

Schweinfurt var ein fri keisarby fram til 1802 då han vart ein del av Kongedømet Bayern. I 1810 vart byen overlatt til Storhertugdømet Würzburg, men kom tilbake til Bayern fire år seinare. Det første jernbaneknutepunktet opna i 1852. Dei neste åra vart Schweinfurt den leiande produsenten av kulelager i verda. Dette fekk alvorlege konsekvensar for byen under den andre verdskrigen, då dei produserte kulelager til stridsvogner og fly. Av den årsak utførte dei allierte fleire kraftige bombeåtak på byen frå 1943 til 1945. Byen vart derimot raskt bygd opp att etter krigen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Schweinfurt