Schwäbisch Hall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schwäbisch Hall
by
Land  Tyskland
Areal 104,23 km²
Folketal 41 898 (31. desember 2022)
Kart
Schwäbisch Hall
49°06′44″N 9°44′15″E / 49.112222222222°N 9.7375°E / 49.112222222222; 9.7375
Wikimedia Commons: Schwäbisch Hall

Schwäbisch Hall er ein by og ein kommune nordaust i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland. Kommunen har 41 000 ibuarar og dekker eit flatemål på 104,2 km². Byen ligg 304 meter over havet, om lag 37 km aust om Heilbronn og 60 km nordaust om Stuttgart. Byen er den største i Landkreis Schwäbisch Hall og krinssete.

Byen voks fram i mellomalderen rundt eit saltverk, kjent frå 1156. Gjennom 500 år, frå 1280 til 1802, hadde Hall status som keisarby i det tysk-romerske riket. Schwäbisch Hall er kjent for mynteininga heller, ei eining som har namn etter byen. Både språk og kultur i kommunen er frankisk-påverka.

Bausparkasse Schwäbisch Hall, ei byggjeforeining med over 6 millionar kundar, har hovudkontor i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Schwäbisch Hall