Science Fiction Museum and Hall of Fame

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Seattle Monorail passerer gjennom EMP-bygningen like ved skulpturen

Science Fiction Museum and Hall of Fame hevdar å vera verdas fremste science fiction-museum. Muséet ligg inne i arkitekten Frank Gehry's landemerke, Experience Music Project (EMP)-bygningen, som ligg ved foten av Space Needle i byen Seattle i Washington, USA. Det vart grunnlagd av Paul Allen og Jody Patton og vart opna 18. juni 2004. Bland medlemmane av muséets styre er Steven Spielberg, Ray Bradbury, James Cameron, George Lucas og Arthur C. Clarke. Bland dets samlingar av gjenstandar finn ein mellom anna kaptein Kirk's kommandostol frå Star Trek, B9-roboten frå Lost in Space, og domen frå filmen Silent Running. Troféet frå Ansari X Prize er for tida utstilt i muséets lobby.

Muséet er inndelt i fleire galleri med eit felles tema, som til dømes «Homeworld», «Fantastic Voyages», «Brave New Worlds» og «Them!». Kvart galleri har utstilt relaterte memorabilia (filmprops, førsteutgåver, kostyme og modellar) i store utstillingsmontrar, og interaktive skjermar for å skildra dei ulike emna.

Science Fiction Hall of Fame[endre | endre wikiteksten]

«Science Fiction Hall of Fame» vart oppretta som «Science Fiction and Fantasy Hall of Fame» i 1996 av Kansas City Science Fiction and Fantasy Society i Kansas City, Missouri og Center for the Study of Science Fiction ved University of Kansas. «Hall of Fame» flytta til Seattle i 2004, og vart ein del av Science Fiction Museum. Ved skipinga var det berre forfattarar som kunne veljast inn, men frå 2005 av vart «Hall of Fame» utvida til òg å omfatta andre media enn dei litterære. Nominasjonar og innsettelser vert gjort i fire kategoriar: Film, Litteratur, Media og Open. Sidan skipinga har «Hall of Fame» hatt to leiarar: Keith Stokes (1996–2001) og Robin Wayne Bailey (2002-d.d.).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]