Science circus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Science Circus er eit mobilt vitensenter som har vore ei avdeling av Jærmuseet sidan 2002. Det hadde då drive som eiga stifting som Teknoteket Science Circus sidan 1986. Det hadde sitt utspring frå Teknoteket, Noregs eldste vitensenter, som var førløparen til Vitensenteret Teknisk Museum.

Jærmuseet Science Circus reiser i hovudsak rundt til skulane i Rogaland, men har òg vore på turné både i Agder-fylka, på Island og på Færøyane. Målet er få born og ungdom til å verte nyfiken og undrande i høve til naturvitskap og matematikk, og stimulere interessa for desse faga innanfor alle delar av skulesamfunnet. Skulane vert vitja med show, interaktive eksperiment i matematikk, naturfag og astronomi, og undervisning av elevar. Science Circus held òg lærarkurs. Alle elementa er bygd opp etter hovudmåla i Kunnskapsløftet.

Vitensenter i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Teknoteket i Norsk Teknisk Museum i Oslo var det fyrste vitensenteret i Noreg, skipa i 1986. Dette var ei eiga stifting fram 1. januar 2002, då Teknoteket fusjonerte med museet. I åra etter skipinga av Teknoteket i Norsk Teknisk Museum har vitensenter vorte ein viktig faktor i utdanninga fleire stader i Noreg, med store regionale og mindre, meir lokalprega vitensenter spreidde over heile landet[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]