Scotch egg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scotch egg

Scotch egg er ein engelsk rett laga av eit hardkokt egg som er blitt rulla i kjøtfarse og deretter brødsmular og deretter frityrsteikt. Det er ein utbreidd piknikrett og snøggmat i Storbritannia. Retten er er eit av dei tidlegaste døma på ferdigmat. Opphavet til namnet er uklar, ettersom retten ikkje har noko kjend samband med Skottland.

Delikatesseforretningen Fortnum & Mason i London i 1738 hevder at dei fann opp Scotch egg i 1738.[1][2] Ifølgje Culinary Delights of Yorkshire oppstod retten i Whitby i Yorkshire i England på 1800-talet, og egga var opphavleg dekte av fiskefarse. Dei skal ha namn etter serveringsstaden William J. Scott & Sons, som selde dei.[3]

Den eldste trykte oppskrifta på retten finn ein i 1809-utgåva av Maria Rundell si kokebok A New System of Domestic Cookery. Som andre 1800-talsforfattarar ville Rundell serever scotch egg varmt med sjysaus.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Single Hen Scotch Egg». Fortnum & Mason. Arkivert frå originalen 14. mai 2014. Henta 22. aAugust 2011. 
  2. Glancey, Jonathan (5. november 2007). «A facial at Fortnums? Never!». The Guardian. 
  3. «Are Scotch eggs really Scottish?». The Guardian. Henta 24. juli 2018. 
  4. Oxford Companion to Food, s.v. Scotch egg