Scott's Hut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scott's Hut
stasjon
Land  Antarktis
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 77°38′S 166°24′E / 77.633°S 166.400°E / -77.633; 166.400
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Scott's Hut
77°38′00″S 166°24′00″E / 77.6333°S 166.4°E / -77.6333; 166.4
Scott's Hut is located in Antarktis
Scott's Hut (Antarktis)
Wikimedia Commons: Scott's Hut

Scott's Hut er ei hytte som ligg på nordkysten av Cape EvansRoss Island i Antarktis. Ho vart reist i 1911 under Terra Nova-ekspedisjonen, leia av Robert Falcon Scott. Då han skulle velje base for operasjonane i 1910-1913, ønskte ikkje Scott å bruke den gamle hytta si Discovery Hut som han hadde bygd ved McMurdo Sound under Discovery-ekspedisjonen i 1901–1904. Denne første hytta ligg på Hut Point, 20 km sør for Cape Evans. For det første var den gamle hytta særs kald, og for det andre så hadde skipet til Scott, «Discovery», blitt fanga i isen ved Hut Point, eit problem han ønskte å unngå ved å legge basen lenger nord.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Inne i hytta

Scott's Hut var prefabbrikert i England før ho vart frakta med skuta sørover. Ho er 50 fot lang og 25 fot brei.

Det står ein kross på ein ås bak Scott's Hut ved Cape Evans, men denne er ikkje knytt til kaptein Scott, og vart reist til minne om tre medlemmar frå gruppa til Ernest Shackleton ved Rosshavet, som omkom i nærleiken. Krossen reist til minne om kaptein Scott og kompanjongane hans står på toppen av Observation Hill.

I løpet av vinteren 1911 levde 25 menn under Terra Nova-ekspedisjonen i hytta. Det var frå her Scott sette ut på den fatale turen til Sørpolen. Då Scott ikkje kom attende frå polen, drog fleire av mennene attende til hytta for å vere her vinteren 1912 og for å leite etter lika våren etter. I 1913, då Terra Nova-ekspedisjonen var over, vart forsyningar sette igjen i hytta.

Hytta vart nytta på ny i 1915-1917 av gruppa som vitja Rosshavet under ekspedisjonen til Shackleton, då skuta Aurora vart fanga i isen og dreiv nordover. 10 stranda menn nytta då hytta og klarte å overleve på grunn av forsyningane som var lagt att her. I januar 1917, etter at Shackleton hadde berga dei overlevande, sette han hytta i stand og låste ho før han drog.[1]

Etter 1917 stod hytta urørt fram til 1956 då amerikanske ekspedisjonsmedlemmar gravde ho ut av snø og is. Ho var i utmerkt stand og fleire lekamar frå dei tidlegare ekspedisjonane låg framleis i hytta. Noko vart teke som suvenirar, men hytta er framleis omtrent like intakt som ho var i 1917.

New Zealand og Storbritannia har sidan 1970-åra jamleg restaurert (stort sett fjerning av snø og is) både denne hytta og Discovery Hut [2][3].

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]