Scott Gorham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scott Gorham
Black Star Riders – Wacken Open Air 2014 06.jpg
Gorham med Black Star Riders 2014 i Wacken Open Air
Fødd17. mars 1951 (71 år)
FødestadGlendale i California
FødenamnWilliam Scott Gorham
OpphavUSA
AktivSidan 1974
SjangerRock, bluesrock, hardrock, heavy metal, progressiv rock
InstrumentGitar, vokal
Tilknytte artistarThin Lizzy, The Greedies, 21 Guns, Phenomena, Black Star Riders, Supertramp, Asia
PlateselskapVertigo
Verka somMusikar, låtskrivar

William Scott Gorham (datoar) er ein USA-amerikansk gitarist og låtskrivar som var ein av dei «doble sologitaristane» i det irske rockebandet Thin Lizzy. Sjølv om han ikkje var med å skipe Thin Lizzy, var han kontinuerleg medlem etter ei prøvespeling i 1974, og kom inn i bandet på ei stund då framtida til bandet var usikker etter at den opphavlege gitaristen Eric Bell og den kortvarige erstattaren hans Gary Moore slutta. Gorham var med Thin Lizzy fram til bandet vart oppløyst i 1984. Han og gitaristen Brian Robertson kom inn i bandet samstundes og markerte starten på den mest kritikarroste perioden deira. I lag utvikla dei den doble sologitarstilen til Thin Lizzy, og song òg begge korvokal.[1][2][3] Gorham er det mest langvarige medlemmet i bandet etter dei opphavlege medlemmane Brian Downey (trommer) og frontmannen og bassisten Phil Lynott.

Sidan 1996 har Gorham stundom spelt med Thin Lizzy på gitar og korvokal, i forskjellige variantar av bandet etter at frontmannen Lynott døydde i 1986.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Thin Lizzy[endre | endre wikiteksten]

21 Guns[endre | endre wikiteksten]

  • Salute (1992)
  • Nothing's Real (1997)
  • Demolition (2002)

Black Star Riders[endre | endre wikiteksten]

Andre album[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Prato, Greg. Scott GorhamAllmusic. Henta 12. juni 2020.
  2. Kies, Chris (May 2009). «Thin Lizzy's Scott Gorham: Rediscovery, Channeled». Premier Guitar. Henta 12. juni 2020. 
  3. Donnelly, Dan. «Scott Gorham». Thin Lizzy: A Rock Legend. Henta 12. juni 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Scott Gorham