Scottish Aviation Twin Pioneer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scottish Aviation Twin Pioneer

Scottish Aviation Twin Pioneer var eit britisk STOL (Short Take Off and Landing) militært transport- og sivilt passasjerfly frå 1950-åra, konstruert med tanke å nytte korte landingsbanar. Det var utstyrt med to Alvis Leonides-motorar og var eit høgvinga fly som var lett gjenkjenneleg på grunn av tre store haleror. Flyet var eit av dei siste etterkrigsflya av denne storleiken som var høgvinga og med halehjul. Det vart bygd i alt 91 fly i tre versjonar. Største avtakeren var Royal Air Force med 39 fly. Det siste flyet vart bygd i 1964.

To eksemplar av flyet vart registrerte i Noreg som LN-BFO og LN-BFX, begge med Fjellfly som eigar. Fjellfly brukte det frå sin base på Geitryggen på ei dagleg rute til Fornebu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.