Scytalopus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Scytalopus


Scytalopus pachecoi engelsk namn Planalto Tapaculo, Rio Grande do Sul, Brasil, januar 2011 Foto: Cláudio Dias Timm
Scytalopus pachecoi engelsk namn Planalto Tapaculo, Rio Grande do Sul, Brasil, januar 2011
Foto: Cláudio Dias Timm
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Rhinocryptidae
Slekt: Scytalopus

Scytalopus er ei biologisk slekt av små sporvefuglar i tapakulofamilien. Ein kan finne desse tapakuloane i Sør-Amerika og Mellom-Amerika frå Tierra del Fuego i sør til Costa Rica i nord, men dei er fråverande i Amazonasbassenget. Dei lever i tett vegetasjon på eller nær bakkenivå og finst hovudsakleg i fjellområda, spesielt i Andes. Dei kan vere særs krevjande å observere ettersom dei spring i underskogen på ein musaktig måte.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er korte, tettvaksne fuglar med stutte halar som ofte blir heldt oppreiste. Den totale kroppslengda varierer i området 10-14 cm avhengig av art. Fjørdrakta er gråsvart eller grå. Fleire artar har brun buk, undergump eller kroppssider, ofte med noko tverrstriping. Nokre har kvite kroner eller augebryn. Ungane av dei fleste artane er brunare og har striper på flankane. Mange artar er eigentleg umoglege å identifisere berre ut frå fjørdrakta, lætet er ofte særeige og viktig for å fastsetje arten.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Føda består hovudsakleg av insekt. Hekkeåtferda er dårleg kjent for dei fleste artane, men egga er som regel kvite, og reiret er vanlegvis ballforma og laga av plantematerialar som rotfibrar og mosar. Reiret er bygd i eit holrom i til dømes jordbankar, mellom røter eller i trebork.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Bektapakulo, Scytalopus latrans
Foto: USGS, i public domain

Artsgrensene innanfor denne slekta er blant dei mest komplekse innanfor neotropisk ornitologi. Dei er svært krevjande å observere, og identifisering ved hjelp av visuelle funksjonar er ofte umogleg. Informasjon om vokalisering og biokjemiske data er vanlegvis naudsynt for å avklare taksonomisk status for dei ulike bestandane. Fleire nye artar har blitt skildra i dei seinare åra, til dømes magdalenatapakulo Scytalopus rodriguezi og antioquiatapakulo Scytalopus stilesi i Colombia. Den taksonomiske statusen for mange av artane i Andes vart løyst av Krabbe & Schulenberg (1997) som delte opp ei rekkje artar og skildra tre nye. Den forvirrande situasjonen er kanskje best illustrert ved det faktumet at berre 10 artar var anerkjente i denne slekta i 1970 (Krabbe & Schulenberg, 2003), medan talet no er fire gonger så høgt eller meir. I tillegg er det kjente artar som framleis ikkje er skildra, medan andre artar som i dag er definerte faktisk kan omfatte fleire artar, til dømes kan den sørlege bestanden av storfottapakulo, Scytalopus macropus, representere ein ikkje-skildra art.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Scytalopus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

  • Bektapakulo, Scytalopus latrans, Blackish Tapaculo, LC, Hellmayr, 1924
  • manglar norsk namn, Scytalopus gettyae, Junin Tapaculo, Hosner et al., 2013
  • Gråtapakulo, Scytalopus unicolor, Unicolored Tapaculo, LC, Salvin, 1895
  • Trilletapakulo, Scytalopus parvirostris, Trilling Tapaculo, LC, Zimmer, 1939
  • Blytapakulo, Scytalopus speluncae, Mouse-colored Tapaculo, LC, Ménétries, 1835
  • manglar norsk namn, Scytalopus petrophilus, Rock Tapaculo, UR, Whitney, Vasconcelos, Silveira & Pacheco, 2010
  • manglar norsk namn, Scytalopus diamantinensis, Diamantina Tapaculo, NT, Bornschein, Maurício, Belmonte-Lopes et al., 2007
  • manglar norsk namn, Scytalopus pachecoi, Planalto Tapaculo, LC, Mauricio, 2005
  • Sumptapakulo, Scytalopus iraiensis, Marsh Tapaculo, EN, Bornschein, Reinert & Pichorim, 1998
  • Storfottapakulo, Scytalopus macropus, Large-footed Tapaculo, LC, Berlepsch & Stolzmann, 1896
  • Santamartatapakulo, Scytalopus sanctaemartae, Santa Marta Tapaculo, LC, Chapman, 1915
  • Langhaletapakulo, Scytalopus micropterus, Long-tailed Tapaculo, LC, P.L. Sclater, 1858
  • Perutapakulo, Scytalopus femoralis, Rufous-vented Tapaculo, LC, Tschudi, 1844
  • Kvitkronetapakulo, Scytalopus atratus, White-crowned Tapaculo, LC, Hellmayr, 1922
  • Boliviatapakulo, Scytalopus bolivianus, Bolivian Tapaculo, LC, Allen, 1889
  • Tacarcunatapakulo, Scytalopus panamensis, Tacarcuna Tapaculo, VU, Chapman, 1915
  • Chocotapakulo, Scytalopus chocoensis, Choco Tapaculo, LC, Krabbe & Schulenberg, 1997
  • Magdalenatapakulo, Scytalopus rodriguezi, Upper Magdalena Tapaculo, EN, Krabbe, Salaman, Cortés, Quevedo, et al., 2005
  • Antioquiatapakulo, Scytalopus stilesi, Stiles's Tapaculo, LC, Cuervo, Cadena, Krabbe & Renjifo, 2005
  • Ecuadortapakulo, Scytalopus robbinsi, Ecuadorian Tapaculo, EN, Krabbe & Schulenberg, 1997
  • Nariñotapakulo, Scytalopus vicinior, Nariño Tapaculo, LC, Zimmer, 1939
  • Brungumptapakulo, Scytalopus latebricola, Brown-rumped Tapaculo, LC, Bangs, 1899
  • Meridatapakulo, Scytalopus meridanus, Merida Tapaculo, LC, Hellmayr, 1922
  • Sølvbryntapakulo, Scytalopus argentifrons, Silvery-fronted Tapaculo, LC, Ridgway, 1891
  • Caracastapakulo, Scytalopus caracae, Caracas Tapaculo, LC, Hellmayr, 1922
  • Sottapakulo, Scytalopus spillmanni, Spillmann's Tapaculo, LC, Stresemann, 1937
  • Bambustapakulo, Scytalopus parkeri, Chusquea Tapaculo, LC, Krabbe & Schulenberg, 1997
  • Brasiliatapakulo, Scytalopus novacapitalis, Brasilia Tapaculo, NT, Sick, 1958
  • Magellantapakulo, Scytalopus magellanicus, Magellanic Tapaculo, LC, Gmelin, 1789
  • Matorraltapakulo, Scytalopus griseicollis, Pale-bellied Tapaculo, LC, Lafresnaye, 1840
  • Neblinatapakulo, Scytalopus altirostris, Neblina Tapaculo, LC, J.T. Zimmer, 1939
  • Ancashtapakulo, Scytalopus affinis, Ancash Tapaculo, LC, J.T. Zimmer, 1939
  • Skifertapakulo, Scytalopus acutirostris, Tschudi's Tapaculo, LC, Tschudi, 1844
  • Vilcabambatapakulo, Scytalopus urubambae, Vilcabamba Tapaculo, LC, J.T. Zimmer, 1939
  • Punatapakulo, Scytalopus simonsi, Puna Tapaculo, LC, Chubb, 1917
  • Tarijatapakulo, Scytalopus zimmeri, Zimmer's Tapaculo, LC, Bond & Meyer de Schauensee, 1940
  • Kvitbryntapakulo, Scytalopus superciliaris, White-browed Tapaculo, LC, Cabanis, 1883
  • Kokstapakulo, Scytalopus fuscus, Dusky Tapaculo, LC, Gould, 1837
  • manglar norsk namn, Scytalopus canus, Paramillo Tapaculo, EN, Chapman, 1915
  • Paramotapakulo, Scytalopus opacus, Paramo Tapaculo, LC, Zimmer, JT, 1941
  • Diademtapakulo, Scytalopus schulenbergi, Diademed Tapaculo, LC, Whitney, 1994

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Scytalopus