Paramillotapakulo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Scytalopus canus)
Paramillotapakulo
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Paramillotapakulo
Utbreiinga av Paramillotapakulo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tapakuloar Rhinocryptidae
Slekt: Scytalopus
Art: Paramillotapakulo S. canus
Vitskapleg namn
Scytalopus canus

Paramillotapakulo (Scytalopus canus) er ein fugl i tapakulofamilien. Han er endemisk for Colombia med utbreiing i to små åtskilde område i nordvestlege fjellkjeda av Andes, Cordillera Occidental.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Paramillotapakuloar liknar andre Scytalopus-tapakuloar, samla sett einsfarga mørk grå fjørdrakt, manglar det brune området på lågare flankar og undergump slik som mange andre i slekta inkludert den nærskylde paramotapakulo. Han har ei kroppslengd på 10,5 centimeter og veg ca. 13 til 16 gram.[1]

Paramillotapakulo er endemisk for fuktige høglandskratt i Cordillera Occidental i Colombia. I dag er han berre kjent frå Páramo de Paramillo og Páramo de Frontino. Utbreiinga er avgrensa til ei smal stripe vegetasjon ved tregrensa, mellom beltet av fjellskog og páramo-grassletter høgre opp. Denne stripa av kratt, småtre og polylepisskog er ofte berre hundre meter brei.[2] Høgda over havet kan vere 3050–4000 moh.[1]

Populasjonen er estimert til å ligge mellom 375 og 1500 individ og er trudd å vere minkande. Når han i tillegg er kjent frå berre eit mindre ubreiingsområde, har han IUCN-status som sterkt truga.[3] Medan han lokalt er vanleg, er det estimerte arealet av eigna habitat innanfor det kjente utbreiingsområdet av paramillotapakulo berre 3 km² totalt. Og av det er berre 0,1 km² effektivt verna. Páramo de Paramillo er ein nasjonalpark, men mykje dårleg verna.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Dette taksonet har tradisjonelt omfatta den meir utbreidde S. opacus som ein underart, og då under fellesnamnet paramotapakulo, eit namn som i dag utelukkande blir brukt for S. opacus. Dei to har ulike læte, noko som førte til at dei vart delt inn i separate artar i 2010.

Om tapakuloar generelt[endre | endre wikiteksten]

Tapakuloar lever i tett vegetasjon på eller nær bakkenivå og finst hovudsakleg i fjellområda i utbreiingsområdet sitt. Dei kan vere særs krevjande å observere ettersom dei spring i underskogen på ein musaktig måte. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Krabbe et al, 2003
  2. Fundación ProAves (2010)
  3. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]