Sde Eliezer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sde Eliezer
landsby
Frukthagar i Sde Eliezer
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 33°2′42.72″N 35°33′50.4″E / 33.0452000°N 35.564000°E / 33.0452000; 35.564000
Folketal 700  (2007)
Kart
Sde Eliezer
33°02′43″N 35°33′50″E / 33.0452°N 35.564°E / 33.0452; 35.564
Wikimedia Commons: Sde Eliezer

Sde Eliezer (שְׂדֵה אֱלִיעֶזֶר, tyder Eliezersletta) er ein moshav i Huladalen nord i Israel. Han høyrer til Mevo'ot HaHermon regionale kommune. I 2007 var folketalet 700.[1]

Sde Eliezer vart grunnlagd i 1950 av innbyggjarar frå Yesod HaMa'ala og Kiryat Shmona. Immigrantar frå Tsjekkoslovakia, Jugoslavia, Polen og Romania slo seg òg ned her. Moshaven vart kalla opp etter Robert (Eliezer) Rothschild, barnebarnet til Edmond de Rothschild, som grunnla Palestine Jewish Colonization Association (PICA), som kjøpte landområde frå arabiske landeigarar[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 About Moshav Sde Eliezer, arkivert frå originalen 22. februar 2015, henta 18. mars 2015