Hopp til innhald

Sea Launch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sea Launch

Org.formAksjeselskap
BransjeRomfartsindustrien
Skipa1995
Nedlagd2018
EigarEnergia
Eigenandel iSKS Morskoy Start, «Odyssey»
HovudkontorNyon
LandSveits
Skipet «Sea Launch Commander»
Utskytingsplattforma «Ocean Odyssey»

Sea Launch (på norsk 'Sjøoppskyting') var eit internasjonalt, privat konsortium for oppskyting av romfarkostar med hovudbase i Long Beach i California. Sea Launch dreiv med sattelittoppskyting frå flytande plattformer til havs. Føremonene med flytande oppskytingsplattformer framfor faste basar er at ein kan flytta oppskytingane til den staden som gjev den beste oppskytingsbanen og slik spara drivstoffkostnader.[1]

Sea Launch byrja som eit samarbeid mellom det dåverande norske konsernet Kværner og selskap i Russland, Ukraina og Sambandsstatane. I 2007 eigde Aker Kværner 20 % av Sea Launch, medan amerikanske Boeing Commercial Space eig 40 %. Russiske RKK Energija eig 25 % medan dei resterande 15 % av SDO Yuzhnoye / PO Yuzhmash frå Ukraina. Selskapet var registrert på Caymanøyane.

I juni 2009 vart selskapet slått konkurs.[2] I september 2016 kjøpte S7 Group, eigaren av S7 Airlines, aktiva til Sea Launch.[3] S7 Sea Launch vart planlagd å gjenoppta oppskytingane.[4] Etter å ha flytta dei to tidlegare Sea Launch-skipa frå California til Vladivostok kunngjorde leiaren for S7 Group at programmet var sett på vent utan nokon plan for ein ny oppstart.[5]

Oppskytingar

[endre | endre wikiteksten]

For å skyte opp satellittane til havs, nytta ein utskytingsplattforma «Ocean Odyssey», ei ombygd boreplattform, og kommandoskipet «Sea Launch Commander». Bereraketten Zenit-3SL var nytta til å frakte satellittane i bane.

Den første oppskytinga frå Sealaunch var ei testoppskyting av Demosat, ei simulering av ein kommersiell last på 4 500 kg . Dato for oppskytinga var den 27. mars 1999. Den første kommersielle oppskytinga vart den 9. oktober 1999 for det amerikanske føretaket DirectTV. Den første mislukka oppskytinga vart allereie ved den tredje oppskytinga den 12. mars 2000, då raketten med ein satellitt frå ICO Global Communications feila 8 minutt etter oppskyting. Av i alt 31 kommersielle oppskytingar (2012) har 2 av dei gått gale på eit eller anna vis, medan 1 var ein delvis suksess.

Nummer Dato Last Vekt Kommentar
1 27. mars 1999 DemoSat 4,5 t suksess
2 9. oktober 1999 DIRECTV 1-R 3,5 t suksess
3 12. mars 2000 ICO F-1 2.7 t mislukka
4 28. juli 2000 PAS-9 3,7 t suksess
5 20. oktober 2000 Thuraya-1 5,1 t suksess
6 18. mars 2001 XM-2 ROCK 4,7 t suksess
7 8. mai 2001 XM-1 ROLL 4,7 t suksess
8 15. juni 2002 Galaxy IIIC 4,9 t suksess
9 10. juni 2003 Thuraya-2 5,2 t suksess
10 7. august 2003 EchoStar IX / Telstar 13 4,7 t suksess
11 30. september 2003 Galaxy XIII / Horizons-1 4.1 t suksess
12 10. januar 2004 Telstar 14 / Estrela do Sul 1 4,7 t suksess
13 4. mai 2004 DIRECTV-7S 5,5 t suksess
14 28. juni 2004 Telstar-18 4,8 t delvis suksess
15 1. mars 2005 XM-3 4.7 t suksess
16 26. april 2005 SPACEWAY-1 6,0 t suksess
17 23. juni 2005 Intelsat IA-8 5,5 t suksess
18 8. november 2005 Inmarsat 4-F2 6,0 t suksess
19 15. februar 2006 EchoStar X 4,3 t suksess
20 12. april 2006 JCSAT-9 4,4 t suksess
21 18. juni 2006 Galaxy 16 5,1 t suksess
22 22. august 2006 Koreasat 5 4,9 t suksess
23 30. oktober 2006 XM-4 4,7 t suksess
24 30. januar 2007 NSS-8 5,9 t mislukka
25 15. januar 2007 Thuraya-3 5,2 t suksess
26 19. mars 2008 DirecTV-11 5,9 t suksess
27 21. mai 2008 Galaxy 18 4,6 t suksess
28 16. juli 2008 EchoStar XI 5,5 t suksess[6]
29 24. september 2008 Galaxy 19 4,7 t suksess[7]
30 20. april 2009 SICRAL 1B 3,0 t suksess[8]
31 24. september 2011 Atlantic Bird 7 4,6 t suksess
32 31. mai 2012 Intelsat 19 5,6 t suksess[9]
33 19. august 2012 Intelsat 21 6,0 t suksess
34 3. desember 2012 Eutelsat 70B 5,2 t suksess
35 1. februar 2013 Intelsat 27 6,2 t mislukka[10]
36 26. mai 2014 Eutelsat 3B 6,0 t suksess[11]
  1. «Sea Launch rocket company returns to service». BBC News (på engelsk). 25. september 2011.
  2. Space News: $2 Billion Debt Forces Sea Launch into Bankruptcy (Peter B. de Selding, publisert 29. juni 2009) Besøkt 8. november 2022
  3. Fedorinova, Yuliya; Lemeshko, Andrey (27 September 2016). «Russian Airline Owner to Challenge Musk, Bezos in Space». Bloomberg News. Henta 28 September 2016.
  4. «Sea Launch Complex description». S7 Space. Arkivert frå originalen November 13, 2018. Henta 13 November 2018.
  5. Foust, Jeff (24 April 2020). «Sea Launch "frozen" after ships moved to Russia». Space News. Henta 24 April 2020.
  6. «Sea Launch Successfully Delivers EchoStar XI to Orbit» (Press release). Sea Launch. July 16, 2008. Arkivert frå originalen April 30, 2010. Henta February 26, 2009.
  7. «Sea Launch Successfully Delivers Galaxy 19 to Orbit» (Press release). Sea Launch. September 24, 2008. Arkivert frå originalen April 29, 2010. Henta February 26, 2009.
  8. «Sea Launch Successfully Delivers SICRAL 1B Satellite to Orbit» (Press release). Sea Launch. April 20, 2009. Arkivert frå originalen January 7, 2013. Henta April 20, 2009.
  9. «Sea Launch Delivers the Intelsat 19 Spacecraft into Orbit» (Press release). space travel. 4. juni 2012.
  10. «Sea Launch Experiences a Launch Failure on Intelsat 27 Mission» (Press release). Sea Launch. 1. februar 2013. Arkivert frå originalen 26. mai 2015.
  11. «Sea Launch Successfully Launches EUTELSAT 3B» (Press release). Sea Launch. 27. mai 2014. Arkivert frå originalen 27. mai 2014. Henta 27. mai 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sea Launch