Meddle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Seamus)
Hopp til navigering Hopp til søk
Meddle
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 31. oktober 1971
Innspelt Januar – august 1971
Studio AIR Studios, Abbey Road Studios og Morgan Studios (London)
Sjanger Progressiv rock
Lengd 46:48
Selskap
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi
Atom Heart Mother
(1970)
Meddle Obscured by Clouds
(1972)


Singlar frå Meddle
  1. «One of These Days» / «Fearless»
    Utgjeve: 29. november 1971

Meddle er det sjette studioalbumet til den engelske rockegruppa Pink Floyd, gjeve ut 31. oktober 1971 på Harvest Records. Det vart spelt inn mellom turneane til bandet, frå januar til august 1971. Albumet vart spelt inn fleire stader kring London, mellom anna Abbey Road Studios og Morgan Studios.

Gruppa hadde ikkje songar å arbeide med eller noko klår idé om kva retning dei skulle ta, så gruppa sette i gang med ei rekkje eksperiment som til slutt enda opp å inspirere dei til å lage «Echoes». Sjølv om dei seinare albuma til bandet vart samla kring eit eins tema med tekstar skrivne av Roger Waters, var Meddle eit gruppesamarbeid med tekstbidrag frå kvart medlem, og det vert rekna som eit overgangsalbum mellom den Syd Barrett-påverka gruppa frå seint i 1960-åra og Pink Floyd i 1970-åra.[1] Plateomslaget er eit øyre under vatn.[2] Som med fleire av dei tidlegare albuma designa av Hipgnosis, var ikkje Storm Thorgerson nøgd med resultatet.

Albumet fekk god kritikk av musikkritikarane då det kom ut og selde godt i Storbritannia, men dårleg marknadsføring i USA gjorde at salstala var dårlege der då det kom ut.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha spelt ei rekkje konsertar i Amerika og England for å marknadsføre Atom Heart Mother sette Pink Floyd i gang arbeidet med nytt materiale i Abbey Road Studios i London tidleg i 1971.[3] På den tida hadde Abbey Road berre ein åttesporsopptakar og bandet meinte at dette ikkje var nok for dei stadig aukande tekniske krava prosjekta deira hadde. Dei overførte dei beste forsøka sine, inkludert opninga av det som vart «Echoes», til 16-sporslydband ved mindre studio i London (nemleg AIR og Morgan i West Hampstead) og fortsette arbeidet med det meir avanserte innspelingsutstyret. Lydteknikaren John Leckie og Peter Bown tok opp det meste av Abbey Road- og AIR-innspelingane, medan det mindre arbeidet som vart gjort i Morgan, vart handsama av Rob Black og Roger Quested.[4]

Bandet mangla eit sentralt tema for prosjektet og brukte fleire eksperimentelle metodar i eit forsøk på å få i gang den kreative prosessen. Eit eksperiment involverte at bandet spelte på kvar sine spor, utan referanse til det dei andre bandmedlemmane gjorde. Tempoet var heilt tilfeldig medan bandet leika seg med avtalte akkordstrukturar og stemningar som «første to minutta romantisk, neste to livlege». Kvar innspelte del fekk namn, men prosessen førte ikkje fram. Etter fleire veker hadde dei ikkje klar ein einaste song.[5]

Lecik hadde arbeidd på album som George Harrison sitt All Things Must Pass og Ringo Starr sitt Sentimental Journey, og var tilsett som lydbandoperatør på Meddle, dels fordi han hadde ein tendens til å arbeide til seint på natt. Han sa at Pink Floyd-innspelingane gjerne byrja om ettermiddagen og slutta tidleg på morgonen, og «i løpet av den tida vart det ikkje gjort noko som helst. Det var ikkje noko kontakt med plateselskapet, utanom at kontakten deira i selskapet av og til dukka opp med eit par vinflasker og nokre jointar.»[6] Bandet brukte visstnok lang tid på å arbeide med enkle lydar, eller eit særskild gitarriff. Dei brukte òg fleire dagar i AIR i eit forsøk på å skape musikk med forskjellige hushaldningsting, ein idé dei gjekk attende til mellom The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here.[7]

Etter desse tidlege eksperimenta - som vart kalla Nothings – utvikla bandet Son of Nothings, som vart følgd opp av Return of the Son of Nothings – arbeidstittelen på det nye albumet. Ein av desse tidlege eksperimenta var å bruke pianoet til Richard Wright. Wright hadde sendt ein enkel tone gjennom ein Leslie-høgtalar, og skapt eit ubåtliknande ping. Bandet prøvde å gjenskape denne lyden i studioet, men klarte det ikkje, så demoversjonen vart nytta på det som sidan vart «Echoes»,[5] og miksa i AIR Studios.[8] Kombinert med gitaren til David Gilmour, klarte bandet å utvikle sporet vidare, og eksperimenterte med tilfeldige lydeffektar (som å plugge gitaren til Gilmour inn i ein wah-wah pedal bakfram, ein effekt dei hadde nytta på konsertar i 1970 i den instrumentale delen av «Embryo». Dette skapte ein måseskrik-liknande lyd. I motsetnad til Atom Heart Mother, gjorde dei ekstra lydspora dei no hadde tilgjengeleg at dei kunne skape sporet i fleire stadium, i staden for å spele det inn i eitt enkelt opptak. Det endelege, 23 minuttar lange stykke tok til slutt opp heile side to av albumet.[9]

Meddle vart spelt inn innimellom konsertane til bandet, så produksjonen vart spreidd over ei ganske lang tid.[4] Bandet var i studio første halvdel av april 1971, men andre halvdelen spelte dei i Doncaster og Norwich før dei kom attende i studio i slutten av månaden. I mai var dei både i studio i Abbey Road, og dreiv øvingar og heldt konsertar i London, Lancaster, Stirling, Edinburgh, Glasgow og Nottingham. I juni og juli spelte dei hovudsakleg i Europa.[4][10] I august reiste dei heilt til Australia og Asia, i september spelte dei i Europa og i oktober og november i USA.[4] I same perioden produserte gruppa òg Relics, ei samleplate med den tidlege musikken til Pink Floyd.[11] Ein kvadrofonisk miks av albumet vart førebudd i Command Studios den 21. og 26. september, men har aldri blitt utgjeven.[12][13]. I 2016 vart nye stereo- og 5.1-miksar av albumet gjeven ut som løynde spor på blueray-plata i Reverberation-delen av plateboksen The Early Years.[14]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om songane har forskjellige stemningar, er Meddle generelt rekna å vere meir samanhengande enn føregangaren Atom Heart Mother frå 1970.[15]

One of These Days[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå One of These Days.

«One of These Days» vart utvikla kring ei ostinato-basslinje skapt av Roger Waters med å sende signalet gjennom ein Binson Echorec. Basslinja vart framført av Waters og Gilmour på to bassgitar, ein med gamle strenger. Trommeslagaren Nick Mason roper «One of these days I'm going to cut you into little pieces» med forvrengd stemme. Denne effekten fekk dei til ved å la lydbandet gå dobbelt så raskt og så sei linja i falsett, som dei så spelte av med normal snøggleik på lydbandet.[16]

A Pillow of Winds[endre | endre wikiteksten]

Vinden frå slutten av «One of These Days» glir gradvis over i dette sporet, ei dempa og akustisk vise. Songen er ein av få rolege, akustiske kjærleikssongar i katalogen til Pink Floyd. Gilmour skreiv musikken, medan Waters skreiv teksten. Songen har ingen trommer, berre ein svak cymbal i andre halvdel av songen.

I følgje Nick Mason kjem tittelen av eit sett med mogelege kort ein kan ha på handa i spelet Mahjong, som Mason, Waters og konene deira spelte medan dei var i Sør-Frankrike.

Fearless[endre | endre wikiteksten]

Songen har eit langsamt tempo og ein akustisk gitar gjev ein viss likskap til andre spor på albumet. Roger Waters laga det stigande riffet på gitaren sin med ei open G-stemming, som han lærte av Syd Barrett. Det verkar som om Barrett òg vert sunge om i teksten. Waters spelar både riffet og andre rytmegitardelar på denne songen, sjølv om han vanlegvis berre spelte bass.[17]

I slutten av songen kan ein høyre tilhengjarar av Liverpool, frå The Kop, som syng «You'll Never Walk Alone» oppå musikken av Pink Floyd. Denne songen av Rodgers og Hammerstein vart ein hymne for Liverpool etter at Gerry and the Pacemakers hadde hatt ein nummer ein-hit med deira innspeling. Fansen roper «Liverpool!» heilt på slutten av songen.

Tittelen på songen er eit engelsk slanguttrykk frå fotball som tyder «særs bra», og som vart ein klisje internt i bandet under turneane deira.

San Tropez[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein livleg jazzaktig popsong med ei sydlandsk kjensle, inkludert ein kort slidegitarsolo av Gilmour og ein lengre pianosolo av Wright. I motsetnad til dei andre spora på Meddle vart songen skriven av Waters aleine og ikkje som eit samarbeid.[18]

Albumet er laust basert på livet til Pink Floyd på denne tida. Heile bandet reiste til San Tropez i lag med kjærastane sine på den tida og hadde ei fredeleg tid, som ein kjenner igjen både i stemninga i songen og tittelen.

Seamus[endre | endre wikiteksten]

Songen er skrive av heile bandet ein dag i 1971 då dei fann ut at hunden til Steve Marriott, Seamus (som Gilmour passa på den tida) kunne gøy i harmoni med musikken.[19] Dei spela raskt inn ein tolvtaktsblues, som hunden kunne «syngje» til, og Gilmour la seinare på litt ekstra instrument og eit lite vers. Ein kan òg høyre litt tale spreidd rundt i songen. Om lag eit minutt ut i songen kan ein høyre nokon frå bandet som seier noko som liknar «it's better than last time» eller «very theatrical». I følgje The Pink Floyd Encyclopedia av Vernon Fitch er det «Here is the real dog», som vert sagt.

Ein del Pink Floyd-fans har uttrykt misnøye med «Seamus» og meiner det er eit sjeldant tilfelle av dårleg låtskriving. Dette var derimot ein del av humoren til bandet, og viser bluesrøtene deira, som sjeldan vart vist på offisielle innspelingar.

Pink Floyd spelte berre denne songen ein gong, og det var på Live at Pompeii under namnet «Mademoiselle Nobs». For å gjenskape songen spelte Gilmour munnspel, medan Waters spelte gitar. Bandet hadde lyst å ha med denne songen, og bad regissør Maben om å finne ein hund som kunne ta Seamus sin plass. Dei gjorde innspelinga i les Studios de Boulogne i Paris våren 1972. Ein afghansk mynde kalla Nobs, som høyrde til Madonna Bouglione (dottera til ein sirkusdirektør kalla Joseph Bouglione), vart henta til studio. Ein kan òg høyre ein bass på innspelinga, men denne vart truleg lagt på seinare.

Echoes[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Echoes av Pink Floyd.

Den siste songen på albumet er den 23 minuttar lange «Echoes». Han vart først framført under tittelen «Return of the Son of Nothing» den 22. april 1971 i Norwich,[20] og bandet brukte kring eit halvt år på songen i tre forskjellige studio (Morgan, AIR and Abbey Road).[13] Sporet opnar med Wright sitt «ping». Det meste av «Echoes» vart spelt inn i Air Studios,[8] og var fullført i juli 1971.[13] I bakgrunnen av sporet kan ein høyre ein Shepard-tone. «Echoes» har òg gjeve namn til samlealbumet Echoes: The Best of Pink Floyd, der det finst ein kraftig nedkorta versjon. På samlinga vart leire klipp frå songen nytta og lengda er skoren ned til sju minuttar. Somme av materialet som vart skriven under innspelinga av Meddle vart ikkje nytta, men ein song vart sidan til «Brain Damage» på The Dark Side of the Moon.[15][21]

Innpakking[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på albumet, Meddle, er eit ordspel på medalje, eller medal på engelsk og det å blande seg inn.[22] Storm Thorgerson frå designgruppa Hipgnosis føreslo opphavleg å bruke eit nærbilete av anus på ein bavian som bilete på omslaget. Bandet gjekk ikkje med på det og sa til han på telefon frå Japan at dei heller ville ha «eit øyre under vatn».[23] Biletet på omslaget vart teken av Bob Dowling. Biletet syner eit øyre, der dei små bølgjene på vatnet skal representere lydbølgjer.[22] Thorgerson sa seinare at han var misnøgd med albumet og hevda det var det han likte minst av Pink Floyd sine omslag: «Eg syns Meddle er eit mykje betre album enn plateomslaget».[24] Kollegaen til Thorgerson, Aubrey Powell var samd og sa: «Meddle var eit rot. Eg hata det omslaget. Eg syns ikkje me rettferdiggjorde dei med det coveret i det heile. Det er halvhjarta.»[25] Biletet av bandet på innsida av albumet var siste gongen dei var avbilda på eit omslag før A Momentary Lapse of Reason i 1987.[24]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meddle kom ut 31. oktober 1971 i USA og 13. november i Sotrbritannia.[26][27] Meddle vart seinare gjeven ut på ein ommastra LP av Mobile Fidelity Sound Lab,[28] og i april 1989 på gull-CD-formatet deira «Ultradisc».[29] Albumet var inkludert i plateboksen Shine On den 2. november 1992.[30]

Sjølv om det nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia, førte mangel på marknadsføring til dårlege salstal i USA og det nådde berre 70. plassen der.[26][31] «Pink Floyd hadde mange fans i Storbritannia og store delar av Europa», sa Rupert Perry, som då var sjef for A&R hos Capitol. «Men dei måtte bli større i USA, der dei berre gjorde 200 000 album. Dei var ein album-artist - ingen singlar - og det var dårlege nyhende for oss. Dei hadde særs høg kredibilitetsfaktor, men mangla salstala.»[32]

Den 29. november 1971 vart «One of These Days» gjeven ut på 7"-singel i USA med «Fearless» som B-side.[33] «One of These Days» og «Echoes» vart begge framførte på Live At Pompeii (den siste i to delar) og på BBC-programmet In Concert i 1971.[34][35] Meddle selde seinare til gullplate i USA den 29. oktober 1973 og hadde i mars 1994 seld til dobbel platina.[36]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Retrospective professional ratings
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[37]
Blender4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg
Christgau's Record GuideB–[38]
The Daily Telegraph4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[39]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[40]
The Great Rock Discography8/10[40]
MusicHound Rock3/5[41]
Paste8.8/10[42]
Q3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[43]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[44]

Meddle fekk generelt gode meldingar då det kom ut.[45] Jean-Charles Costa i Rolling Stone skreiv: «Meddle stadfestar ikkje berre sologitaristen David Gilmour som ei gryande, skapande kraft i gruppa, men syner med kraft og nøyaktigheit at gruppa er i ferd med å vokse igjen»,[46] og NME kalla det «eit eksepsjonelt bra album».[47] Steve Peterson i Hit Parader kalla «Fearless» den beste songen på albumet og skreiv «Dette er nøydd til å vere det beste albumet deira til no.»[45] Ed Kelleher i Circus kalla det «nok eit meisterverk av ei meisterleg gruppe», og skreiv at «Fearless» var «fascinerande» og hylla «Echoes» som «eit tonedikt som gjev alle dei fire medlemmane mykje tid til å tøye musklane sine».[45] Melody Maker var derimot meir reservert og skildra det som «filmmusikken til ein ikkje-eksisterande film».[47]

I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) sa Robert Christgau at Meddle var ei ganske god utvikling frå dei tidlegare albuma deira og bestod av folkesongar med unike melodiar. Han kritiserte derimot teksten på «A Pillow of Winds»: «Ordet 'behold' bør aldri kome gjennom filteret deira igjen». I kritikken hans av «Echoes» meinte han at teksten etterlikna «Across the Universe» av The Beatles, med over 23 minuttar med musikk som flyt med ei «tidlaus ro» på liknande vis som «Interstellar Overdrive».[38] Daryl Easlea frå BBC meinte det var ein liknande, men meir konsistent og melodirik versjon av Atom Heart Mother med «Echoes» som høgdepunkt, som han skreiv «dominerer heile verket» og er «alt som er rett med progressiv rock; engasjerande, intelligent og uimotståeleg».[48] I The New Rolling Stone Album Guide (2004) sa Rob Sheffield at «Echoes» synte Pink Floyd å vere i større utvikling enn tidlegare.[44] AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine kalla Meddle det beste albumet deira i overgangsåra fram til The Dark Side of the Moon sidan det «bruker mesteparten av tida på lydmessige teksturar og lange komposisjonar, mest merkbart på den episke avslutningssongen 'Echoes'». Han skreiv om ein «uniform tone», men ingen song struktur, og skreiv at albumet var viktig i katalogen til gruppa: «Pink Floyd var ikkje noko mindre enn meistrar innan tekstur og Meddle er ei av dei beste reisene deira inn i små detaljar, som peikar fram mot den avmålte briljansen på Dark Side of the Moon og heile Roger Waters-perioden.»[37]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «One of These Days»  
  • Gilmour
  • Waters
  • Wright
  • Mason
instrumental 5:57
2. «A Pillow of Winds»  
  • Gilmour
  • Waters
Gilmour 5:13
3. «Fearless» (inkludert «You'll Never Walk Alone»)
  • Gilmour
  • Waters
(inkludert Rodgers, Hammerstein II)
Gilmour 6:08
4. «San Tropez»  WatersWaters 3:44
5. «Seamus»  
  • Gilmour
  • Waters
  • Wright
  • Mason
Gilmour 2:15
23:17
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Echoes»  
  • Wright
  • Gilmour
  • Waters
  • Mason
Gilmour og Wright 23:31
23:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå plateomslaget.[49]

Pink Floyd
Andre medverkande
  • Rob Black – lydteknikar (Morgan Studio)
  • Peter Bown – lydteknikar (Air and EMI Studios)
  • Peter Curzon – design på ommastra utgåve
  • Bob Dowling – bilete på utsida av omslaget
  • James Guthrieommastering
  • Hipgnosis – bandfoto
  • John Leckie – lydteknikar (Air and EMI Studios)
  • Tony May – foto på innsida av omslaget
  • Pink Floyd – design
  • Roger Quested – lydteknikar (Morgan Studio)
  • Doug Sax – ommastering
  • Seamus the Dog – hundelydar på «Seamus»
  • Storm Thorgerson – design av ommastra album

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971–72) Plassering
Australia (Kent Music Report)[50] 24
Canada Top Albums/CDs (RPM)[51] 51
Nederlandske album (MegaCharts)[52] 2
Tyske album (Offizielle Top 100)[53] 11
Spanske album (AFE)[54] 21
Britiske album (OCC)[55] 3
US Billboard 200[56] 70
Liste (2011) Plassering
Franske album (SNEP)[57] 69
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[58] 76

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[59] 2× Gull 200 000*
Tyskland (BVMI)[60] Gull 250 000^
Italia (FIMI)[61] Gull 50 000*
Storbritannia (BPI)[62] Gull 100 000^
USA (RIAA)[63] 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Review of Pink Floyd – Meddle». BBC Music. Henta 5. august 2012. 
  2. «Top 10 Pink Floyd Album Covers». ClassicRockHistory.com. Henta 7. juli 2017. 
  3. Mason 2005, s. 152–153
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Mason 2005, s. 157
  5. 5,0 5,1 Mason 2005, s. 153
  6. Harris 2006, s. 62
  7. Harris 2006, s. 63–64
  8. 8,0 8,1 Mabbett 1995, s. 42
  9. Mason 2005, s. 153–154
  10. Povey 2007, s. 142–144
  11. Mason 2005, s. 158
  12. Povey 2007, s. 148
  13. 13,0 13,1 13,2 Snider 2008, s. 103
  14. «Pink Floyd box set features hidden spor». 
  15. 15,0 15,1 Schaffner 1991, s. 160
  16. Mason 2005, s. 155
  17. http://www.pink-floyd.org/artint/tap_song.htm
  18. http://www.pinkfloyd-co.com/disco/meddle/meddle_trivia.html
  19. Mason 2005, s. 156
  20. Harris 2006, s. 64
  21. Povey 2007, s. 155
  22. 22,0 22,1 Schaffner 1991, s. 155
  23. Mason 2005, s. 160
  24. 24,0 24,1 Blake 2007, s. 166
  25. Harris 2006, s. 142–143
  26. 26,0 26,1 Mabbett 1995, s. 39
  27. Pink Floyd – Echoes (click Echoes image link), pinkfloyd.co.uk, arkivert frå originalen 18. mars 2009, henta 20. juni 2019 
  28. MFSL Out of Print Archive - Original Master Recording LP, mofi.com, henta 3. august 2009 
  29. MFSL Out of Print Archive – Ultradisc II Gold CD, mofi.com, henta 3. august 2009 
  30. Eder, Bruce, Shine On – Review, AllMusic, henta 20. juni 2019 
  31. Harris 2006, s. 158–161
  32. Gwyther, Matthew (7. mars 1993). «The dark side of success». Observer magazine: 33. 
  33. Povey 2007, s. 344
  34. Mabbett 1995, s. 43
  35. Harris 2006, s. 67
  36. US Certifications Database, riaa.com, arkivert frå originalen 26. juni 2007, henta 20. juni 2019 
  37. 37,0 37,1 Erlewine, Stephen Thomas, Meddle: Overview, AllMusic, henta 20. juni 2019 
  38. 38,0 38,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: P». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 10. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  39. McCormick, Neil (20. mai 2014). «Pink Floyd's 14 studioalbums rated». The Daily Telegraph (London). Henta 11. juni 2019. 
  40. 40,0 40,1 Pink Floyd Meddle, Acclaimed Music, henta 11. juni 2019 
  41. Graff & Durchholz 1999, s. 874
  42. Deusner, Stephen (5. oktober 2011). «Pink Floyd: Meddle («Why Pink Floyd?» Reissue)». pastemagazine.com. Henta 20. juni 2019. 
  43. «Pink Floyd Meddle», Q, s. 137, October 1995, The four were at their most collectively prolific at this time … 
  44. 44,0 44,1 Sheffield, Rob (2. november 2004). «Pink Floyd: Album Guide». Rolling Stone. Wenner Media, Fireside Books. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 11. juni 2019. 
  45. 45,0 45,1 45,2 «Pink Floyd – Meddle», Billboard, 1972, henta 20. juni 2019 
  46. Costa, Jean-Charles (6. januar 1972), Pink Floyd: Meddle, rollingstone.com, henta 19. august 2009 
  47. 47,0 47,1 Schaffner 1991, s. 155–156
  48. Easlea, Daryl (17. april 2007), Pink Floyd Meddle Review, bbc.co.uk, henta 20. august 2009 
  49. Meddle (sleeve). Pink Floyd. Harvest Records. 
  50. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 233. ISBN 0-646-11917-6. 
  51. "Top RPM Albums: Nummer 5323". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 11. juni 2019.
  52. "Pink Floyd – Meddle". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  53. "Offiziellecharts.de – Pink Floyd – Meddle" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 11. juni 2019.
  54. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959-2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  55. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. juni 2019.
  56. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 11. juni 2019.
  57. «Les charts francais (01/11/2011)». lescharts.com. Henta 11. juni 2019. 
  58. "Pink Floyd – Meddle". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  59. «French album salstrofé – Pink Floyd – Meddle» (på fransk). InfoDisc.  Select PINK FLOYD and click OK
  60. «Gold-/Platin-Datenbank (Pink Floyd; 'Meddle')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  61. «Italian album salstrofé – Pink Floyd – Meddle» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Pink Floyd in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  62. «British album salstrofé – Pink Floyd – Meddle». British Phonographic Industry.  Enter Meddle in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  63. «American album salstrofé – Pink Floyd – Meddle». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Meddle