Seanad Éireann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Seanad Éireann (uttalt [ˈʃanəd̪ ˈeːrʲən]) eller Det irske senatet er overhuset i Oireachtas, den lovgjevande forsamlinga i Republikken Irland. Som underhuset, Dáil Éireann, held det til i Leinster House i Dublin.

Det moderne senatet blei oppretta gjennom den irske grunnloven frå 1937. Den irske fristaten hadde ei forsamling med same namn frå 1922 til 1936. Senatet har 60 medlemmer som blir peika ut av ulike instansar. Dei fleste lovane som underhuset vedtar må leggjast fram for senatet før de kan sendes videre til presidenten.

Senatet har høve til å senda lovar tilbake til underhuset, men har ikkje vetorett. Underhuset kan derfor fatta vedtak på nytt og gjennom dette overstyra senatet. Kammeret er omdiskutert, og sterke krefter har arbeidd for å avskaffa. Ved ei folkerøysting 4. oktober 2013 valde det irske folket med knapp margin å halda på institusjonen.

Samansetjing[endre | endre wikiteksten]

Seanad Éireann har seksti medlemmer som blir utpeika slik:

  • 11 blir utpeikte av taoiseach (statsministeren).
  • 6 blir utpeikte av National University of Ireland og University of Dublin (tre kvar).
  • 43 blir valde frå fem panel med medlemmer nominerte av Dáil Éireann, senatorar som skal gå av, lokalpolitikarar og fag- og interesseorganisasjonar. Panela er delt inn etter fagområde: Administrasjon, arbeid, jordbruk, kultur og utdanning og industri og handel, .

Medlemmer av eit nytt senat skal i følgje grunnloven finna stad ikkje seinare enn nitti dagar etter at Dáil er oppløyst. Alle irske borgarar som er over 21 år gamle kan sitja i senatet, men ikkje om dei også sit i Dáil. Nominasjonssystemet gjer likevel at gruppa ein vel senatorar frå er sterkt avgrensa.

Mynde[endre | endre wikiteksten]

Makta til Seanad Éireann er laust bygd på den til britiske House of Lords. Senatet blei sett opp som ei rådgjevande og reviderande forsamling. Sjølv om lovar må godkjennast av senatet, har det inga reell makt til å stoppa eit lovforslag frå å bli endeleg vedtatt.

Grunnloven set desse ramene for makta til senatet:

  • Om eit lovforslag som er vedtatt av Dáil ikkje er blitt godkjend av senatet innan nitti dagar kan Dáil, etter ein venteperiode på ytterlegare 180 dagar, avgjerda at saken kan reknast som godkjend.
  • Økonomiske vedttak, som budsjettet, kan forutsettast godkjende av senatet etter 21 dagar.
  • Ved hastelovar kan tida som må gå før lovforslaget kan forutsettast godkjend kuttast ned ac regjeringa med samtykke frå presidenten. Dette gjeld ikkje grunnlovsendringar.
  • Fordi statsministeren utnevner elleve representantar, og hovuddelen av dei andre representantane er vald av politikarar, vil regjeringa nesten alltid ha støtte frå majoriteten i senatet.
  • Senatet kan vedta å be presidenten om å oppnemna ein privilegiekomité for å granska om eit lovforslag er ei økonomisk beslutning (som har kortare ventetid enn andre saker) eller ikkje. Presidenten kan dersom han ønskjer avvise opprettinga av ein slik komité.
  • Om ein majoritet av medlemmene av senatet og minst ein tredel av medlemmene i Dáil signera ei erklæring om at eit lovforslag er av «stor nasjonal viktighet» kan presidenten nekta å underskrive loven før han er vurdert i ei folkeavstemming.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Det 25. senatet (frå 2016)[endre | endre wikiteksten]

Parti Senatorar
Fine Gael 19
Fianna Fáil 14
Sinn Féin 7
Labour Party 5
Green Party 1
Utan partitilknytting 14
Totalt 60

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]