Season of the Witch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Season of the Witch
Song av Donovan
frå albumet Sunshine Superman
Utgjeve September 1966 (USA)
Innspelt Mai 1966, Columbia Recording Studios, Hollywood, California
Sjanger Psykedelisk pop
Lengd 4:54
Selskap Epic Records
Tekstforfattar Donovan
Låtskrivar(ar) Donovan Leitch
Produsent Mickie Most

«Season of the Witch» er ein av dei første pskyedeliske songane, skriven av Donovan og først gjeven ut i september 1966 på hans Epic Records-album, Sunshine Superman. I Storbritannia vart ein coverversjon av The Pandamonium gjeven ut som singel i november 1966 (CBS 202462)[1], medan Dononvan si utgåve først kom ut i juni 1967 på Pye Records-samlinga Sunshine Superman.

På songen spelar Bobby Ray bass og «Fast» Eddie Hoh trommer.[2] Songen varer 4:56, som er uvanleg for denne tida då ein typisk popsong vanlegvis varte kring 2:30.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt av mange andre artistar, som Julie Driscoll, Mike Bloomfield, Al Kooper og Stephen Stills, Sam Gopal, Vanilla Fudge, Terry Reid, Pesky Gee!, Suck, Hole, Luna, The Masked Marauders, Robert Plant, Dr. John, Lou Rawls, Babylonian Tiles, Joan Jett, Richard Thompson, Jenny Devivo, The Strangelings, Karen Elson og Alan Pizzarelli.

Songtittelen inspirerte plateprodusenten Joe Boyd til å kalle selskapet sitt Witchseason Productions.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.forcedexposure.com/artists/pandamonium.the.html The Pandamonium releases
  2. Donovan sessions, arkivert frå originalen 15. april 2008, henta 10. mars 2011