Sebastián Eguren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sebastián Eguren
Sebastián Eguren en Valladolid.jpg
Fullt namn Sebastián Eguren Ledesma
Fødd 8. januar 1981
Montevideo i Uruguay
Høgd 186 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for AIK
Draktnummer 33
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1999-2002
2002-03
2003-04
2005
2005-06
2006-08
2008
2008-
2010
Uruguay Wanderers
Uruguay Danubio
Uruguay Nacional
Uruguay Wanderers
Noreg Rosenborg
Sverige Hammarby
Spania Villarreal (lån)
Spania Villarreal
Sverige AIK (lån)
36 (6)
27 (6)
39 (5)
23 (3)
23 (0)
36 (13)
15 (0)
60 (1)
7 (0)
Landslag**
2001- Uruguay Uruguay 24 (5)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 17. mai 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 10. oktober 2009.

Sebastián Eguren Ledesma (fødd 8. januar 1981 i Montevideo) er ein uruguayansk fotballspelar som våren 2010 spelar på midtbanen for AIK i den svenske fotballigaen, på lån frå Villarreal i Spania, og for Uruguay sitt landslag. I 2005 og 2006 spelte han for Rosenborg i den norske Tippeligaen.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Eguren begynte fotballkarrieren sin for Wanderers i Montevideo, og spelte òg for andre Montevideo-klubbar. Medan han spelte for Nacional, testa han positivt for kokain etter ein kamp i Copa Libertadores i Quito i Ecuador. Han skulda på å ha drukke kokate, som er vanleg i Andesfjella, for å motverka verknadene av høgda - Quito ligg 2800 meter over havet. Han fekk den kortaste moglege suspensjonen for slike saker, seks månader.[1]

I juli 2005 vart Eguren henta til Rosenborg saman med landsmannen Alejandro Lago etter anbefaling av Terje Liverød. I februar 2006 vart han vraka av den dåverande trenaren Per-Mathias Høgmo og leigd ut til Hammarby i Sverige.[2]. Han vart raskt populær hjå Hammarby-supporterane,[3] og 5. desember 2006 skreiv han under på ein treårskontrakt med klubben.[4] Fredrik Stoor gjekk då motsett veg, frå Hammarby til Rosenborg.

I løpet av tida si i Hammarby avgjorde han to gonger eit lokaloppgjer i Stockholm, og vart slik populær hjå supporterane. Første gongen var mot AIK i 2006, då Hammarby vann 2-0 og Eguren skåra begge måla.[5]. Det same skjedde igjen året etterpå, denne gongen mot Djurgården[6]. Eguren hadde som oftast spelt som defensiv midtbanespelar, men i Hammarby utvikla han òg dei offensive ferdigheitene sine, og kom med blant dei ti øvste på toppskårarlista i Allsvenskan i 2007-sesongen.[7].

30. januar 2008 gjekk Eguren på lån til Villarreal CF i spansk Primera Division til slutten av 2007/08-sesongen.[8] Han kom inn i startoppstillinga nesten med det same, sentralt på midtbanen saman med Marcos Senna. Den sesongen avslutta Villarreal med den beste ligaplasseringa si nokonsinne, andre plass i første divisjon. I mai 2008 bestemte Villarreal seg for å kjøpa Eguren, som fekk ein treårskontrakt.[9] 2008/09-sesongen førte med seg meir medgang, og Eguren spelte igjen fast på midtbanen ved sida av Senna. Han skåra det første målet sitt for Villarreal i ein uavgjort kamp heime mot Getafe.

Mot slutten av januar 2010 vart Eguren lånt ut til Lazio i Italia, etter at han hadde mista plassen sin på Villarreal-laget til Bruno,[10] men overgangen vart avlyst då Eguren ikkje passerte legesjekken.[11] Han lir av hypertensjon, ein tilstand som til vanleg ikkje er til hinder for fotballovergangar.

19. februar 2010 gjekk Eguren på lån til dei regjerande svenske meisterane AIK for å få speletid for å betra sjansane sine til å få plass i VM-troppen til Uruguauy. Ifølgje sportssjefen i AIK, Björn Wesström, var overgangen teknisk sett ikkje eit lån, sidan Eguren ikkje hadde forpliktelsar overfor Villarreal før 1. juli 2010, men han hadde framleis 12 månader igjen av kontrakten, som skulle begynna å gå frå 1. juli. [12] Tidleg i mars blei han sett under vern av politiet, etter at han vart trakassert på trening av fans av gamleklubben Hammarby, som er ein rival av AIK.[13] Eguren spelar som oftast som defensiv midtbanespelar, men hjå AIK føretrekte trenaren Mikael Stahre å bruka han i ei offensiv midtbanerolle.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Eguren debuterte for Uruguay sitt A-landslag under Copa América, 13. juli 2001, då han kom inn som innbytar etter 63 minutt i ein kamp mot Bolivia. Han spelte to gonger til i den meisterskapen. Han fekk nokre landskampar under Uruguay si oppkøyring til fotball-VM i 2002, men kom ikkje med i troppen til meisterskapen. Etter VM spelte han i to vennskapskampar, mot Venezuela i 2002 og mot Japan i 2003, men etter dette spelte han ikkje på landslaget på fem år. 25. mai 2008 vende han attende til landslaget i ein venskapskamp mot Tyrkia i Bochum i Tyskland. 28. mai spelte han for Uruguay mot Noreg i Oslo og skåra eit mål i kampen, som enda 2-2. Etter dette spelte han fleire kampar under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Eguren er gift med ei svensk kvinne.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. El Villarreal ficha al mediocentro Sebastián Eguren Levante-EMV, på spansk
  2. TV2 Nettavisen: «RBK-duo endelig utleid»
  3. http://www.svenskafans.com/fotboll/aik/artikel.asp?id=342126
  4. http://www.hammarbyfotboll.se/se/aktuellt/artiklar/?articleid=30393
  5. http://svenskfotboll.se/allsvenskan/match/?scr=result&fmid=11237
  6. http://svenskfotboll.se/allsvenskan/match/?scr=result&fmid=27365
  7. http://svenskfotboll.se/allsvenskan/tidigare-ar/resultat-2007/statistikligor/?scr=sl
  8. Villarreal bring in Eguren
  9. Eguren commits to Villarreal
  10. «El Villarreal CF cede a Eguren a la Lazio» (på spansk). Villarreal CF. 27. januar 2010. Henta 28. januar 2010. 
  11. «Lazio's deal for Eguren isn't done». Football Italia. 28. januar 2010. Henta 28. januar 2010. 
  12. «"AIK är ett bra val för mig"» (på svensk). Svenska Fans. 19. februar 2010. Henta 19. februar 2010. 
  13. «Eguren tendrá protección contra los hinchas rivales» (på spansk). Diario AS. 11. mars 2010. Henta 12. mars 2010.