Hopp til innhald

Sebastian Barthold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sebastian Barthold
StatsborgarskapNoreg
Fødd27. august 1991 (34 år)
Oslo
Idretthandball
Tok del i Sommar-OL 2024

Sebastian Barthold (fødd 27. august 1991) er ein norsk handballspelar frå Bærum. Han er sidan 2017 aktiv i Aalborg HB. Barthold er venstrekant.

Barthold var aktiv i Haslum HK fram til 2017. Her var han med på å vinne tre kongepokalar og like mange seriemeisterskap. Frå 2017 har han gjort teneste i den danske toppklubben Aalborg. Med Aalborg har han vunne ein cupfinale og fire seriemeisterskap. I 2021 spelte han EHF-meisterligafinale mot FC Barcelona, ein kamp som enda med tap.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Barthold debuterte 3. april 2012 mot Island. Per 15. mars 2025 hadde han delteke i 104 av Noregs landskampar og skåra 268 mål.

  • Noregsmeister: 2010, 2011 og 2016 for Haslum HK
  • Norsk seriemeister: 2011, 2012 og 2014 for Haslum HK
  • Dansk cupmeister: 2018 for Aalborg
  • Dansk seriemeister: 2019, 2020, 2021 og 2024 for Aalborg