Sebastian Bayer
Sebastian Bayer | |
Fødd | 11. juni 1986 (36 år) Sjakhty |
Yrke | friidrettsutøvar |
Sebastian Bayer på Commons |
Sebastian Bayer (fødd 11. juni 1986) er ein tysk friidrettsutøvar frå Aachen som vart europameister i lengdehopp under EM i friidrett 2012. Både i 2009 og 2011 vann han lengdetevlinga i innandørs-EM. Personlege bestenoteringar er 8,71 m innandørs, og 8,49 m utandørs.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Bayer vart tysk meister i lengdehopp i 2006, men lukkast ikkje å nå finalen under friidretts-EM same året. Også i 2008 vann han den tyske meistertittelen, med personleg utandørsbeste på 8,15 m, men heller ikkje under Sommar-OL 2008 var han i nærleiken av kvalifisere seg til finaletevlinga.
Tidleg i mars 2009, fem månader før VM 2009 i Berlin, smelte Bayer til med heile 8,71 m, ny innandørs europarekord med 15 cm, då han vann EM-gullet innandørs i Torino. I den tyske friidrettsmeisterskapen i Ulm 4. juli 2009 vart han tysk lengdemeister for tredje gong, vinnarhoppet på 8,49 m er det lengste han har prestert utandørs. Ein skade i ein fot hindra Bayer i å yte sitt beste under Berlin-VM, så han makta ikkje å kvalifisere seg til lengdefinalen.
I 2011 forsvarte Bayer i Paris EM-tittelen innandørs med eit bestehopp på 8,16 m. Seinare på året vart han nummer åtte då VM fann stad i Sør-Korea. Bayer vart i 2012 tysk meister for femte gong, og i EM-tevlinga i Helsingfors vann han ei klar siger etter å ha landa på 8,34 m i sitt lengste hopp. Nokre veker seinare kom han på femteplass i lengdetevlinga under OL i London. I 2013 enda han som niandemann i lengdehopp under VM i Moskva.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- EM 2006 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (7,66 m -nr 20)
- OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (7,77 m -nr 23)
- VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (7,98 m -nr 19)
- VM 2011 i Daegu: Nr 8 – 8,17 m
- EM 2012 i Helsingfors: Gullmedalje – 8,34 m, framom Luis Felipe Méliz (8,21 m)
- OL 2012 i London: Nr 5 – 8,10 m
- VM 2013 i Moskva: Nr 9 – 7,98 m
- EM 2014 i Zürich: Utslått i kvalifiseringa (7,56 m -nr 23)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sebastian Bayer» frå Wikipedia på tysk, den 27. april 2015.