Sebastian Kneipp
Sebastian Kneipp | |||
| |||
Fødd | 17. mai 1821 Stephansried | ||
---|---|---|---|
Død | 17. juni 1897 Bad Wörishofen | ||
Nasjonalitet | Kongedømet Bayern | ||
Område | alternativ behandling, hydroterapi, naturmedisin | ||
Yrke | ernæringsforsker, healer, romersk-katolsk prest, skribent, hydrotherapist | ||
Alma mater | Herzogliches Georgianum Johann-Michael-Sailer-Gymnasium Dillingen |
Sebastian Anton Kneipp (17. mai 1821–17. juni 1897) var ein tysk prest og professor. Han fann opp kneippkuren, som var ei slags kaldvassbehandling med m.a. barfotturar i fuktig gras. Inspirert av ideane hans og anstalten hans Wörishofen i Bayern blei det skipa liknande kuranstaltar over heile Europa.
På slutten av 1800-talet gav Sebastian Kneipp ut boka Min Vannkur. Boka er eit stort oppslagsverk i helsebot. Dei fleste sjukdommar og symptom som var kjende på denne tida er tekne med.
Vasskuren bestod av følgjande hovudelement:
- Omslag
- Bad
- Dampbad
- Gytningar (hella vatn på spesifikke kroppsdelar) og
- Vasking
Kreft blei prøvd lækja med munnvask, tre gongar om dagen. Det viktige var å reinsa «blodet og safterne».
I Noreg er Sebastian Kneipp kjend for kneippbrødet, brødet av sammalen kveite som har namn etter han.
I Sverige ligg distriktet Kneippen, tidlegare kalla Kneippbaden, i Norrköping. Området har namn etter eit spa-anlegg som nytta Kneipp-metoden frå 1898 til 1918.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sebastian Kneipp» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juni 2024.