Sebastian Rejman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sebastian Rejman
ESC2019 - Finland.jpg
Fødd13. januar 1978 (44 år)
FødestadBerghäll
OpphavFinland
Aktiv2005–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somgitarist, songar, skodespelar, komponist

Sebastian Rejman (fødd 13. januar 1978 i Helsingfors i Finland) er ein finsk musikar, skodespelar og programleiar.[1] Han er gitarist, vokalist og låtskrivar i det finske bandet The Giant Leap.[2] Han er òg grunnleggjar av bandet Sebastian & The 4th Line Band, og han representerte Finland i Eurovision Song Contest 2019 med låten «Look Away» saman med Darude.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rejman kjem frå Kallio i Helsingfors og byrja å spela gitar og synga som 14-åring. Hans musikalske forbilete er Elvis Presley og Bruce Springsteen.

Rejman er kjend som frontfigur og låtskrivar i bandet The Giant Leap og har hatt fleire framsyningar på finsk fjernsyn. I 2010 var han leiar for eit av deltakarkora i den finske versjonen av Det store korslaget, og i 2012 var han programleiar for den fjerde sesongen av Talent Suomi og han var reporter for The Voice of Finland.

Rejman har òg spela i spelefilmar som Siskonpeti (2014), 95 (2017) Sjette gang (2017)[4] og rolla som Jesse Adlercreuz i tv-serien Syke (2014–2017).[5] Rejman representerte Finland i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i mai 2019, saman med Darude.[6][7] Duoen deltok med låten «Look Away», men vart slått ut i semifinalen 14. mai.[8]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sebastian Rejman» (på engelsk). Henta 30. januar 2019. 
  2. «The Giant Leap» (på engelsk). Henta 30. januar 2019. 
  3. «Darude will perform 'Look Away' at Eurovision 2019». 2. mars 2019. Henta 7. mai 2019. 
  4. «Sebastian Rejman». IMDb. Henta 30. januar 2019. 
  5. «Sebastian Rejman». Henta 30. januar 2019. 
  6. «Darude announced as Finnish entry for the Eurovision Song Contest 2019» (på engelsk). Henta 30. januar 2019. 
  7. «UMK: Darude (feat. Sebastian Rejman) to represent Finland» (på engelsk). 29. januar 2019. Henta 30. januar 2019. 
  8. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019.