Sebastian Samuelsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sebastian Samuelsson

Sebastian Samuelsson 2017.jpg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 28. mars 1997
Katrineholm
Idrett skiskyting, langrenn
Yrke skiskyttar

Sebastian Samuelsson (fødd 28. mars 1997) er ein svensk skiskyttar som vaks opp i Malmköping i Södermanlands län og i Sollefteå i Västernorrlands län. Han vann ein gull- og ein sølvmedalje under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang. Året etter fekk han ein bronse då verdsmeisterskapen fann stad heime i Sverige.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sebastian Samuelsson i 2019

Samuelsson overraska stort då han i dei olympiske vinterleikane 2018 gjekk inn til sølv på jakstarten. Med startnummer 13 og 34 sekundar bak teten, kleiv han etter framifrå skyting og gode ski framover i feltet. I innspurten la han tyske Benedikt Doll bak seg og vart nummer to bakom franske Martin Fourcade. Tre dagar etter gjekk Samuelsson eit nytt godt renn då han vart fjerdemann på 20-kilometeren. Vel ei veke seinare krynte han innsatsen med å verte olympisk meister i 4 x 7,5 km stafett. Han gjekk då tredje etappen for det svenske mannskapet som triumferte framfor favorittane frå Noreg. Dei andre gullvinnarane var Peppe Femling, Jesper Nelin og Fredrik Lindström. Under VM i skiskyting 2019 i Östersund enda Samuelsson på ny på fjeredeplassen i normalprogrammet. Saman med Hanna Öberg vann han så bronse i den nye VM-øvinga parstafett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]